Hurtigrute-boom for Urke landhandel

Urke landhandel opplever omsetningsvekst grunna hurtigruteturistar.

Hurtigruteskipet Lofoten var i Norangsfjorden tysdag. 

Nyheiter

Turistar har fått eit rykte på seg om at dei legg igjen lite pengar når dei er ute og reiser. For Urke landhandel er det annleis, og dei opplever no gode dagar med turistane som kjem med hurtigruta.

Gjennom elleve dagar vert innbyggartalet på Urke mangedobla i nokre timar kvar dag. Turistane som reiser med Hurtigruten er fascinerte over både fjordar, fjell og vêr, men nyttar seg også av Urke landhandel dei timane dei er i land. Då MS Trollfjord kom til Urke søndag, fekk landhandel ein oppsving i salet, og det ser ut til å halde fram.

– Søndag var det veldig godt sal, og dei som tek turen innom kjøper med seg m.a. frukt, småmat og postkort. Vi håper at dette vil halde fram, seier Dorit Rønning.

– Betyr mykje

For ei lita bygd som Urke betyr landhandelen mykje, og det at turistane legg igjen ein del pengar under besøket har mykje å seie.

– Det betyr mykje for oss at dei nyttar landhandelen. Til dagleg er vi rundt førti personar som bur på Urke, og mange handlar ikkje før dei er tilbake i bygda etter arbeid. For oss vert vitjinga av hurtigruta ei forlenging av sommarsesongen, seier Rønning.

Tilbakemeldingane frå turistane som legg turen innom butikken er også gode.

– Dei fleste seier at det berre er fjell i Geiranger, og dei vert fascinert og tykkjer det er meir spennande her fordi det er liv i bygdene, seier Rønning.

– Fast inventar

Då Møre-Nytt var innom Urke landhandel tysdag, var det MS Lofoten som var på vitjing. Dette er den minste av hurtigrutene som er i drift, men sjølv om det var færre turistar enn søndag og månda,g var det mange som la turen innom landhandelen.

– Det har vore ein god tendens desse dagane, og vi håper at det held fram. Det er spennande for bygda korleis det vert med hurtigrutan framover, og vi håper at ho vert fast inventar i Hjørundfjorden, seier Rønning.

Urke landhandel - ein turistattraksjon.