Erna Solberg feirar Kvivsvegen

Erna Solberg og Høgre-leiinga tek turen til Grodås i helga.

Høgre-leiar Erna Solberg markerer Kvivsvegopninga til helga. 

Nyheiter

Høgre-leiar Erna Solberg og nestleiar Jan Tore Sanner er mellom deltakarane på den store Høgre-samlinga på Grodås komande fredag og laurdag. Det er opninga av Kvivsvegen som er grunnen til at Høgre-toppane i landet og i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal samlar seg deg.

– For Hornindal Høgre har Kvivsvegen vore ei av dei aller viktigaste sakene i fleire tiår. Når vi no endeleg er komne så langt at Kvivsvegen skal opnast, er det ei stor glede og ære for oss å invitere Høgre-folk frå fjern og nær til å vere med på denne store dagen, seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Hornindal.

Også Høgre-toppar frå Sunnmøre

Det er laga til eit enkelt program for fredag ettermiddag og laurdag før den offisielle opninga av Kvivsvegen. Arrangementet startar etter at Treffpunkt Kviven er ferdig i Loen fredag.

– Vi er glade og stolte over at Høgre-leiar Erna Solberg og 1. nestleiar Jan Tore Sanner kjem. Det same gjeld Høgre sin fraksjonsleiar i transport- og kommunikasjonskomiteen Øyvind Halleraker og fraksjonsleiar i energi- og miljøkomiteen Siri Meling. Det er også veldig kjekt at alle Høgre-ordførarane og fylkestingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane blir med, i tillegg til mange andre sentrale Høgrepolitikarar frå fylket, seier Lødemel.

Men også frå Sunnmøre kjem det mange deltakarar.

– Kvivsvegen bind saman ein heil region der også kommunane på Sunnmøre er ein viktig del. Vi er glade for at nesten alle Høgre-ordførarane på Sunnmøre blir med på samlinga i lag med mange andre frå Sunnmøre.