Jon Hustad om «Harde fakta»:

– Vil vere veldig provoserande

Onsdag kveld har Jon Hustad premiere på sitt aktualitetsprogram «Harde Fakta». Hustad sjølv er kjent for å vere fritalande, og seier at han vil rette eit kritisk søkelys på offentleg pengebruk.

Hustad har med seg makker Elin Ørjasæter i programmet, og understrekar at ein vil vere veldig provoserande. (Foto: TV2) 

Nyheiter

Programleiar Jon Hustad ynskjer å skape debatt om dei grunnleggjande utfordringane Norge står overfor i «Harde fakta», og kven som betaler for offentleg sløsing.

– Kva kan publikum forventa seg av «Harde fakta»?

– At dei vert irriterte av alle tåpelege reglar og kostnader som staten påfører dei, og at dei vert irritert av sløsing med skattepengar, seier Hustad.

– Vil vere veldig provoserande

Programleiaren som er oppvaksen i Hjørundfjorden er utdanna lektor med historie hovudfag, har skrevet fem bøker og har jobba som bonde, veghjelp, lærar og journalist. I programmet vert det innslag og intervju med politikarar om ulike tema, og Hustad har med seg Elin Ørjasæter som kommentator i programmet. Skaparane av programmet meiner at «Harde fakta» er Noreg sitt einaste aktualitetsprogram som ikkje er venstrevridd, men om det er behov for eit slikt program vil publikum avgjere.

– Det vil vise seg. Meiningsmålingar viser at nitti prosent av journalistane stemmer Arbeiderpartiet eller til venstre for Arbeiderpartiet, og det får konsekvensar for journalistikken, seier Hustad.

– Er planen å vere litt provoserande?

– Ikkje berre litt provoserande, men veldig provoserande, seier Hustad.

Navarsete er første gjest

I første omgang vert det laga seks program av «Harde fakta», og programmet har premiere på TV2 onsdag kveld.

– Tema for første program er byggforskrifter, og kor utruleg fordyrande dei er. I studio vil vi ha besøk av Liv Signe Navarsete.

Programmet vert spelt inn eit par timar før det vert sendt, men Hustad kan love at skal legge press på statsråden.

– Ho vil få press på seg frå meg og frå reportasjen, og så kan det vere at ho gjer det veldig og eg gjer det veldig dårleg. Det vil tida vise, seier Hustad.

– Dyrt og inneffektivt

Som Dag og Tid-journalist har Hustad lang fartstid som journalist i papirpressa, og det vil verte ein overgang når han no skal på TV.

– Overgangen er veldig stor, og det er gambling, seier Hustad.

– Er dette eit konsept som fenge publikum?

– Det er veldig vanskeleg å seie noko om. Det eg kan konstatere er at TV2 har kjøpt konseptet, og då må ein tru at det er interesse for det der ute. Eg kan seie at alle som har bygt nytt hus og skal bygge nytt hus veit at det er så mange ekstrakostnader samanlikna med nokon år tidlegare at dei i alle fall er irriterte.

– Hovudmålet er å få folk til å forstå kor dyrt mykje av det staten held på med er, og kor inneffektivt det staten held på med ofte er. No ser eg på meg sjølv som ein gnom som sitt i finansdepartementet og passar på pengane, seier Hustad.

– Vil like vignetten

I vignetten til programmet vert det også eit innslag av kjende trakter for ørstingane.

– Dei kjem i alle fall til å like vignetten. Der er eg som vestlending heime på garden, og så føl eg ei oljeleidning over fjellet for å sjå kvar pengane vert av. Så kjem eg til Oslo og ser at dei vert sløst vekk på tull og fjas, seier Hustad.