Torstein Lianes og Mads Gausda sette ein solid rekord med å kome seg Hjørundfjorden rundt til fots. Laurdag kveld kom dei mål på Festøya kl. 22.55. Det vil seie at dei sprang turen på 19 timar og førti minutt.

- Eg trur aldri eg har vore meir sliten, og eg har aldri hatt det så vondt. Likevel er kjensla utruleg god, seier Torstein Lianes til Møre-Nytt.

Dei to skulle også ha med seg Vegard Stennes på turen, men han fekk magesjuke rett før turen, og måtte gje seg før start.

God start

Klokka 03.15 starta turen frå Hundeidvika, og tidleg på dag såg det ut til at dei også ville kome godt under tjue timer. Dei var på Urke allereie klokka 10.30, og på Bjørke var dei kl. 15.30.

- Men vi har undervurdert tidsbruken frå Bjørke til Bondalen, vedgjekk Torstein Lianes, der Møre-Nytt møtte han og Mads i Kvistaddalen. Dit kom dei kl. 18.35, og kl. 19.25 var dei på Heimste-Holen i Bondalen, og starta turen mot Standal.

Ruta starta altså i Hundeidvika. Der etter gjekk dei over fjella til Trandal, og nede frå Trandal var det ein ny fjellovergang til Urke. Frå Urke jogga dei vegen til Nordang, der turen gjekk over fjellet til Viddal.

Til Kvistaddalen

Frå Viddal til Finnes vart det ein ny etappe på veg langs sjøen, før dei gjekk opp i Bakkedalen, vidare over Russadalen til Kvamsedalen og til Kvistaddalen.

Frå Kvistaddalen gjekk turen ned i Bondalen til Holen. Der i frå ggekk turen over Høgereset til Nøvedalen, og der etter ned til Standal. Frå Standal vart det jogga til Festøya

Mot Standal

- Å springe asfalten i Bondalen var heilt forferdeleg, fortel Lianes då Møre-Nytt møtte han igjen på Heimste-Holen. Der var det skifte av sko, og eit lite inntak av mat.

Vegard og Torstein, som er frå Ålesund, vedgjekk før oppstiginga til Høgereset at turen byrja  å ta på.

Turen til Standal gjekk greitt, men på asfalten ut Hjørundfjordstranda vart det vondt.

- Då var det kjekt at folk som bur langs stranda stilte langs vegen og heia, fortel dei.

Til saman vil Mads og Torstein hatt ei stigning på til saman 5.500 høgdemeter i løpet av turen.