199-årsdag for Ivar Aasen søndag:

Ivar Aasen-tunet viser ukjende Aasen-gjenstandar

– Søndag 5. august markerer vi 199-årsdagen for Ivar Aasen med ei spesialomvising der publikum får sjå Aasen-gjenstandar vi aldri har vist i basisutstillinga, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet. Etterpå er det illustrert foredrag om Ivar Aasen, og i kafeen er det gratis kake både før og etter.

Søndag vert 199-årsdagen for Ivar Aasen markert i Aasen-tunet. 

Direktør Ottar Grepstad gje ei spesialomvisning, og halde foredrag under markeringa.  

Nyheiter

Det er direktør Ottar Grepstad som gir denne spesialomvisinga. Han har henta fram fleire gjenstandar frå magasinet. – Eg gler meg også til å vise den gjenstanden eg sjølv meiner er den mest tankevekkjande. Den har lege i basisutstillinga i 12 år, men få har lagt merke til den, seier Grepstad.

Etter omvisinga held han på ny det illustrerte foredraget om Ivar Aasen frå Dei nynorske festspela tidlegare i sommar. Han har sett nærmare på kva Aasen skreiv og kva han samla av aviser, blad og bøker. – Det eg då oppdaga, overraska meg, og overraskingar bør delast med andre, seier Grepstad.

Foredraget er det fjerde i ei rekkje av fem illustrerte foredrag om Ivar Aasen der Ottar Grepstad har presentert nye funn og forteljingar om Ivar Aasens liv og verk.

Ivar Aasen-tunet har om lag 230 gjenstandar etter Ivar Aasen, som døydde i 1896. Noko av dødsbuet blei fordelt i familien, men det aller meste har vore samla i museet. – Vi kjenner ikkje til kjøp og sal av ein einaste Aasen-gjenstand på alle desse åra. Derimot har nokre få gjenstandar kome til museet i seinare tid, seier direktør Ottar Grepstad. Også ein av desse blir vist søndag.

Kafeen er som vanleg open før og etter arrangementet og butikken har tilbod på litt av kvart.