Møreforsking om Eiksund-regionen:

– Samarbeid vil utløyse potensialet

Møreforsking trur det kan verte krevjande for Volda og Ørsta å etablere seg som eit tyngdepunkt i Eiksund-regionen. Men gevinsten vert stor viss ein greier det.

Geirmund Dvergsdal (t.v.) og Finn Ove Båtevik presenterte rapporten frå Møreforsking til formannskapet på Ørsta rådhus torsdag. 

Nyheiter

Torsdag vitja forskarane Finn Ove Båtevik og Geirmund Dvergsdal Ørsta rådhus for å leggje fram resultata frå ein samfunnsanalyse, der ein mellom anna har sett på utviklingspotensialet til Ørsta og Eiksund-regionen (Ulstein, Sande, Hareid, Herøy, Volda og Ørsta).

Forskarane kunne mellom anna konkludere med at eit tettare samarbeid mellom Ørsta og Volda vil gagne begge bygdene.

– Eit samarbeid vil kunne utløyse det potensialet som ligg i Ørsta og Volda, og gjere dette til det største kommunesenteret i fylket, sett vekk ifrå dei tre store byane, seier Båtevik.

Regionale funksjonar

Ei oversikt i forskingsrapporten viser fordelinga av viktige regionale funksjonar mellom dei to bygdene, som sjukehus, høgskule, flyplass, Lånekassen, Rehabiliteringssenter, Søre Sunnmøre tingrett m.fl.

– Saman er det naturleg at Volda og Ørsta vert det naturlege senteret for Eiksund-regionen, seier Dvergsdal.

 I rapporten kjem Møreforsking med fleire positive punkt, som høgare attraktivitet for innflyttarar, sterkare entrepenøriell vekst, samling av sterke merkenamn, og gode høve til utbygging av buområde på strekninga Furene – Hovdebygda.

På ei anna side kan ein også støyte på negative moment ved å flytte fokuset mot sentrum.

Trugsmål

I rapporten går det nemleg fram at ein kan oppleve sterk konkurranse mellom ulike delar i dei to kommunane. Ei sentralisering kan også vere med på å truge grunnlaget for basistenester i utkantstroka.

Vidare kan lokale trafikkproblem verte styrkt, medan ein mannsdominert arbeidsmarknad svekkjer grunnlaget for etablering av nye familiar.

– Det kan verte krevjande å skape eit optimalt samarbeid, men vi trur det er grunnlag for å få det til, seier Båtevik.

– Individualistar

Formannskapsmedlem Petter Bjørdal (Ap) trur det vert essensielt å stimulere til industriell vekst dersom ein skal lukkast.

– Sist det vart etablert sterke merkevarer her i området, var på -40, -50, og -60-talet då mellom anna Tussa kom. Siste 10–15 åra har det stått stille, og det må vi få orden på, seier Bjørdal.