Elevrådet ved Volda vidaregåande svarar på kritikken:

– Må utvikle betre metodar for pc-bruk

Elevrådet ved Volda vidaregåande skule er ikkje i tvil om at lærarane anten må lære seg å integrere pc-en i undervisninga, eller akseptere at elevane driv med utanomfagleg nettsurfing i timen.

– Gjevande og meistringsbasert læring med klare mål er vegen å gå, seier elevrådsleiar Øyvind Osdal Rune (t.h.), som her står med Eirik Rabben Igland (f.v.), Ingerid Flåskjer, Vilde Moltudal og Simon Eiksund. 

Nyheiter

I sagaen om  datamaskina si rolle som den fremste tidstjuven i norske klasserom, har lærarar i laurdagsutgåva av Møre-Nytt ytra si misnøye om udisiplinerte nettsurfande elevar.

Høgskulelektorane Kjell Antvort og Kjartan Bjorøy oppmoda på si side klasseleiarane om å vidareutdanne seg gjennom DKL-studiet, for å lære å integrere pc-en i undervisninga.

Sakene: Lei av utanomfagleg surfing i skuletimen
           
           
– Lærarane må tileigne seg digital kompetanse


- Lærarane er kjelda

Elevrådet ved Volda vidaregåande skule er samde med sistnemnde, og seier at det er lærarane, og ikkje elevane som er kjelda til at mange nyttar skuletimane til å sjekke Facebook og nettaviser.

– Debatten kring pc-bruk i skulen har vorte som piratdiskusjonen kring musikk og film. I likskap med dei kommersielle bransjane, har lærarane har vorte meir opptekne av å skulde elevane for å gjere noko gale, i staden for å utvikle betre metodar for å integrere datamaskina i undervisninga. Her må ein gå etter dei riktige løysingane, seier Simon Eiksund.
 

Natt og dag

Han hugsar sjølv tilbake til det året han hadde to forskjellige lærarar i geografi – den eine var svært nøye med å tilpasse undervisninga med oppgåver der elevane fekk nytte pc-en, medan den andre læraren gav blaffen i dei teknologiske hjelpemidla.

– Dei timane var som natt og dag. I det fyrste tilfellet var heile klassa engasjert, medan elevane forsvann inn på verdsveven i det andre tilfellet, seier Eiksund.

– Er ikkje det eit teikn på dårleg sjølvdisiplin frå elevane då?

– Ein del av poenget er også at klasseleiaren må vite i kva for timar han skal be ungdomane om å leggje vekk pc-en. Dersom klasseleiaren gjev meg ein blyant, men ikkje gjev meg oppgåver, så er det lett å byrje å teikne og gjere andre ting.
 

– Didrik er nøkkelen

Eirik Rabben Igland og Vilde Moltudal går på Medium og kommunikasjon – ei line som er skreddarsydd for pc-bruk, med aktiv nytting av «Google docs», og andre nettbasert verkty. Det er i dei tradisjonelle faga som norsk, historie og samfunnsfag problema melder seg.

Ifølgje elevrådet er det likevel ein lærar som viser at det også i desse faga er muleg å få elevane si fulle merksemd.

– Ragnar Didrik Osdal er nøkkelen! seier Eiksund.

– Einig. Han oppmodar om å nytte desse nettbaserte verktya i prosjektarbeid, lekser og notatskriving. Kommunikasjonen går føre seg på elevane sin arena, og arbeidet vert meir gjevande, seier Igland.
 

– Må vere gjevande

Og det er nettopp gjevande og meistringsbasert læring som er vegen å gå ifølgje elevrådsleiar Øyvind Osdal Runde.

– Spelbransjen har skjønt det, i form av at dei heile tida gjev spelaren påskjøning for å oppnå mål. Det vil vere ekstremt fordelaktig viss ein klarer å gje elevane den same kjensla i undervisninga, seier Runde.

– Korleis kan ein få til det?

– Sjølv fekk eg til dømes meistringskjensla då ein lærarstudent frå Høgskulen viste meg eit matematikkspel på nettet, der eg kunne konkurrere mot meg sjølv. I likskap med andre fag, fins der også mange mulegheiter for å leggje opp til kviss-tevlingar. Poenget er å inspirere elevane til vidare sjølvstudium, i staden for å berre påleggje dei oppgåver.
 

Classfronter

Elevrådsleiaren vil også minske det negative fokuset kring Facebook. Her får han støtte av Ingerid Flåskjer, som meiner at fjesboka er langt meir nyttig enn skulesystemet «Classfronter», som er eitt av døma på at store delar av skulen er akterutseglt når det kjem til å halde kontakta med elevane.

– Classfronter er eit dårleg verkty, som tilsynelatande ikkje ein gong vert brukt av lærarane. Det verkar i alle fall slik, med tanke på kor vanskeleg det er å kome i kontakt med dei der, seier Flåskjer.

– På Facebook er til og med enkelte lærarar medlem av klassegruppa vår, slik at vi enkelt kan kommunisere med han/ho, seier Runde.

Dermed er friksjonsfrie kommunikasjonsmulegheiter og påskjøningsbasert læring hovudpoenga i debatten frå elevane si side.