Arild Iversen er Volda-ordførar

Utan dramatikk vart Arild Iversen torsdag vald til ny ordførar i Volda etter Ragnhild Aarflot Kalland.

Arild Iversen held sin fyrste tale som ordførar i Volda.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Arild Iversen (KrF) er ny ordførar i Volda. Det formelle valet av Iversen vart gjort torsdag.

Det fyrste Iversen gjorde som ordførar, var å invitere heile kommunestyret til eit breitt politisk samarbeid i den komande fireårsperioden.

Lojal

– Ein ordførar skal gå føre, men han skal også stille seg lojalt bak det kommunestyret seier. Hos meg skal det vere ei opa dør, og eg inviterer alle i kommunestyret til samarbeid, sa Iversen.

Allereie nokre dagar etter kommunestyrevalet i september vart det klart at Iversen ville verte ny ordførar i Volda. Kristeleg Folkeparti vart det største partiet, og Iversen gjorde eit godt personleg val. Partia KrF, Venstre, Høgre, Framstegspartiet og Ferjelista danna ein fleirtalskoalisjon som sikra fleirtalet.

Ni blanke

Dermed vart valet torsdag heilt udramatisk. Håvard Strand (KrF) sette fram forslaget om Iversen som ordførar, medan Jan Henning Egset (Ap) følgde opp sedvanen med å be om skriftleg røysting. Det vart ikkje stilt motkandidat. Avrøystinga gav Iversen 18 røyster, medan ni røysta blankt. Dei blanke røystene samsvarar med representanttalet til Ap, SV og Sp som utgjer opposisjonen i det nye kommunestyret i Volda.

Det vart også valt formannskap, og det gjekk også som planlagt. I det nye formannskapet i Volda sit Arild Iversen, nyvald varaordførar Eivind Nævdal-Bolstad (H), Jorunn Aske (V), Helge Hamre (V), Odd A. Folkestad (Ferjelista), Roald Espseth (Frp), Ragnhild Aarflot Kalland (Sp), Gunnar Strøm (SV) og Jørgen Amdam (Ap).

Avtroppande ordførar Ragnhild Aarflot Kalland takka for dei åtte åra ho har vore ordførar i Volda.

- Flotte år

– Det har vore flott, spennande, variert, lange dagar og av til krevjande, sa Aarflot Kalland.

Ho gratulerte Iversen som ny ordførar, og ynskte han lukke til.

– Volda kommune har fått ein ordførar som kan greie jobben svært godt. Du har lang erfaring, og vil saman med kommunestyret arbeide for ei god utvikling i kommunen. Det er gjort eit godt val av ordførar, sa Aarflot Kalland.

Fyrste kvinne

Iversen nytta høvet til å takke Aarflot Kalland for arbeidet ho har gjort som ordførar i Volda i åtte år.

– Du vart valt til Volda sin fyrste kvinnelege ordførar, og vil for all framtid verte hugsa for det. Du har stått på for Volda, vore synleg og engasjert, og oppteken av Volda si utvikling og framtid, sa Iversen.

Han inviterte altså heile kommunestyret til samarbeid, og var også glad for at Volda kommune har ein god og lojal administrasjon. Spesielt helsa han rådmann Jarle B. Krumsvik som no snart skal slutte i denne stillinga.

Program

Noko politisk programerklæring kom ikkje Iversen med.

– Vi skal utvikle kommunal tenesteproduksjon, men vi kan ikkje utvikle denne utan at det ligg verdiskaping i botnen. Difor må vi leggje til rette for nyskaping i Volda. Vi har også fått mulegheiter gjennom store veginvesteringar som er gjort, og det er eit stort potensial for å fylle desse mulegheitene med innhald, sa Iversen.

Han signaliserte også at Volda i større grad må samarbeide med andre kommunar.

Sjå ut og fram

– Og då også med kommunar som vi kanskje ikkje har samarbeidd så mykje med til no. Vi må i endå større grad heve blikket og sjå ut og fram, sa Iversen.