Fredag føremiddag vart Fylkeskonservatoren ved Jens Peter Ringstad og Ørsta kommune informert om planane om ei restaurering av Hammarbuda. Planen er at den no falleferdige buda mellom anna skal brukast aktivt i kulturarbeid, og til oppleving for mellom anna bebuarar og pårørande på Vartdal Helsetun. Ørsta kommune eig i dag grunnen, og ein ynskjer at buda skal verte overdregen til ei ideell stifting som vil stå for restaureringa.

– Vi er absolutt positive til desse planane, og det er glimrande den bruken buda er tenkt til, seier Ringstad.

Sanseoppleving

Det er Johan Bertel Vartdal saman med Inge Kolås som er pådrivarar for prosjektet, og som kom med ideen om ei restaurering. Dei er no glade for å ha ei løysing i sikte.

– Alle er positive til planane. Her er mykje å gjere, og vi har kome i grevens tid, seier Inge Kolås.

Målet no er at buda skal tilbake i original stand slik at den kan verte nytta til sanseoppleving. Under møtet fredag såg m.a. nærare på gamle bilete.

– Vi ynskjer å gjenskape miljøet som var, og vil m.a. få plass gjerdet som var på oversida av bygget tidlegare. Det neste steget kan verte bakarhuset. Grunnmuren står der, men vi må få opp att huset og få inn ein bakaromn. Dette handlar om å lage eit miljø i området her, seier Kolås.

Stifting

Den neste steget i prosessen no er å få oppretta ei stifting.

– Namnet på stiftinga har vi ikkje bestemt oss for enno, men når stiftinga er på plass sender vi formelt ein søknad til kommunen om å få overta grunnen og buda, seier Kolås.

Buda vil og verte sikra slik at den ikkje vert meir øydelagt av vêr og vind.

– Når restaureringa er ferdig kan heile kommunen komme hit og sanse, men vi tenkjer at dette spesielt skal vere for bebuarane på Vartdal helsetun, seier Kolås.

Hammarbuda er falleferdig, og ifølgje Kolås er det i grevens tid at planane har kome på plass.