Vartdal og Sæbø får vegnamn

Vartdal og Sæbø skal få vegnamn. Folk må kome med forslag.

Kultursjef Jostein O. Mo vil ha forslag på namn på vegar på Sæbø og Vartdal. 

Nyheiter

– Vi lever i ei tid der det i praksis er krav om at kvar einaste husstand skal ha ei gateadresse. Det går ikkje lenger å berre nytte 6150 Ørsta eller 6170 Vartdal, seier kultursjef Jostein O. Mo.

Saman med teknisk sektor arbeider han no med å få namnsett alle vegar og gater i Ørsta. I kommunen er det Ørsta sentrum og Hovdebygda som har gateadresser. Elles er det ikkje offisielle gate- og vegnamn i kommunen. Sæbø og Vartdal skal få gatenamn fyrst.

GPS

– Vi opplever at utrykkingstenesta ynskjer gate- og vegadresser. Det same gjeld andsynes pakkelevering. I stadig større omfang vert GPS nytta til adressesøk, og då er det gate- og vegadresser det vert søkt etter. Difor tilseier utviklinga at vi må få veg- og gateadresser over heile kommunen, seier Mo.

Kommunen stiller med heilt blanke ark når den fyrste høyringsrunden no er i gang. I fyrste runde vil kommunen ha inn forslag til veg- og gatenamn.

– Vi har laga eit oppsett med vegar og gater som skal namnsetjast. Vi er også opne for at dei avgrensingane vi har laga kan endrast, t.d. at ei vegstrekning vi no har avgrensa, kan koplast på ein annan veg, seier Mo.

- Kom med forslag

I forslaget er vegane namnsette med nummer 1., 2., 3 osb. På Vartdal nyttar ein siffera ein til tolv, og på Sæbø 21 til 28.

Det er få avgrensingar på korleis vegar og gater kan namnsetjast. Nokre er der likevel.

– Vegar og gater bør ikkje kallast opp etter personar. Vidare vil det ikkje vere mogleg å bruke namn som allereie er i bruk andre stader i kommunen. Volda kommune har også bedt oss om at det ikkje vert nytta namn som er nytta der. Det ynsket skal vi respektere, seier Mo.

Vidare er Mo klar over at det på folkemunne allereie er namn på nokre vegar og gater på Sæbø og Vartdal. Han ser det som naturleg at desse vert nytta også offisielt.

– Eit døme er Øyragata på Sæbø, seier Mo.

Vidare er det ynskjeleg at namna tek utgangspunkt i namn som er nytta lokalt, og som har tilknyting til området og staden gata eller vegen går i.

Fristen for å kome med forslag er 1. november. Der etter vil vegnamna verte handsama, og dei forslaga kommunen meiner er best, vil verte sendt ut på høyring.

– Vi ynskjer eit folkeleg engasjement, og at folk sjølve skal ha størst mogleg påverknad på valet av gate- og vegnamn. Vi ynskjer innspel frå privatpersonar så vel som lag, organisasjonar og grendelag, seier Mo.

Last ned kart over vegnamna her:

Vegnamn Vartdal (PDF, 1,25 MB)

Vegnamn Sæbø (PDF, 0,7 MB)



Vartdal

Veg 1 er Europaveg 39. Her må det gjerast eit vedtak på om vegen startar ved Morkabrua i Ørsta og held fram heilt til Festøya.

Veg 2 startar ved E39 og ”Skipsen” og sluttar ved Vartdal gjenvinning.

Veg 3 startar ved veg 4 og endar på Kvithaugen.

Veg 4 startar ved veg 1/E39 og sluttar på Remen, med sidevegar som skal ha same namnet.

Veg 5 startar ved veg 4, held fram på sør sida av Vartdalselva forbi skytebana og sluttar ved vegen til Buset.

Veg 6 startar ved veg 1/E39 og held fram på nordsida av Vartdalselva og sluttar ved 106/45.

Veg 7 startar ved veg 1/E39 og held fram på Grønnevet, vidare til Vartdal skule og sluttar ved veg 10 i krysset ved ”Soltjeld”.

Veg 8 startar ved veg 7 og sluttar ved veg 7 og er ein veg i byggefeltet på Myrane.

Veg 9 startar ved veg 7 og er ein veg i byggefelt Myrane med sidevegar.

Veg 10 startar ved veg 1/E39 og held fram på Sætre, forbi ”S oltjeld” og går vidare framover Årsetdalen.

Veg 11 startar ved veg 10 og er ein veg i Sætrefeltet.

Veg 12 startar ved veg 11 og er ein sideveg i Sætrefeltet.

Sæbø

Veg 21 startar ved Veg 22/Fv655 Hustadbrua og sluttar på Hustadneset

Veg 22 Fv 655 og startar ved Hustadbrua går gjennom tettstaden og sluttar i Kapteinsvika

Veg 23 startar ved veg 22/Fv655 og sluttar ved kyrkja.

Veg 24 startar ved veg22/Fv655 og sluttar ved veg 22/Fv655, busetnaden att om sparebanken

Veg 25 startar ved veg 22/Fv655, og går forbi barnehagen og vidare forbi gamle aldersheimen og sluttar ved veg 22/Fv655.

Veg 26 startar i Kapteinsvika, der veg 22 skiftar namn og sluttar på Sæbøneset.

Veg 27 startar ved veg 26 og sluttar på Flatneset.

Veg 28 startar ved veg 27 og er ein sideveg i byggefeltet på Sæbøneset.

Ørsta kommune informerer om saka her.