- Like kjekt som zumba

- Å produsere ved er like kjekt som å danse zumba!

Ingerid har høg arbeidsmoral. 

Nyheiter

Ingerid Aske Osnes (25) strålar mot oss med kjeldress og hendene planta i ein stabel med knusktørre vedsekker. Den blide tausa storkosar seg på Hamna Dagsenter sitt vedproduksjonsanlegg på Ytrestøylen, der dei får nytte ei nedlagd gardssag som base.

Sidan mai i fjor har sju - åtte av dagsenteret sine brukarar tre dagar i veka teke turen til Ytrestøylen, like ved Hovdevatnet, for å produsere vedsekker. Strongar, reinska trestammar, har dei fått her og der, og dei har skaffa seg nødvendig utstyr som kappsag og vedkløyvar.

– Årsaka til at vi kom hit og starta med vedproduksjon akkurat her er at brukarar av dagsenteret plar kome hit for å ha ridetimar hos Torill Wollmann. Vi var på utkik etter ein plass å produsere ved og Torill ordna saka for oss, vi er veldig takksame for det, fortel miljøterapeut Anna Moan. 


Høg moral

Produksjonen går svært bra, ikkje minst grunna høg arbeidsmoral og stor arbeidsinnsats. Leiarane har gjennomgått motorsagkurs, slik at tryggleiken er ivareteken.

Ingen slinger i valsen blant verken leiarar eller brukarar. Trivsel er stikkord for opplegget.

– Å kome ut i frisk luft og få bruke kroppen gir fleire gevinstar. Det var også fint at vi fekk på plass eit nytt tiltak, seier Moan. Dagsenteret sine brukarar går også på bading, dei pakkar skruar til Sandvik AS og har oppdrag for Tine mellom anna.


Vellykka

Ved er altså eit nytt tilbod. Og eit vellykka. For produksjonen går godt. Dei flittige arbeidarane har no så mange sekker på lager at dei vil at folk skal kome og kjøpe.

– 60 kroner for ein sekk på 60 liter, reklamerer gjengen i vårsola. Dei har produsert opptil 800 sekker med blandingsved.

– Berre ring oss, veden er av topp kvalitet, garanterer Hamnas Dagsenter sin ved-elite.


Humør

Ingerid Aske Osnes er ikkje i tvil:

– Ein vert i godt humør av å vere ute i den friske vårlufta!