– Store innkjøp betyr nedbygging lokalt

Fleire lokale rådgivarverksemder fryktar nedbygging om heile Sunnmøre skal samarbeide om offentlege innkjøp.

Fryktar nedbygging: Ose Ingeniørkontor i Ørsta er ei av verksemdene som har skrive under brevet. 

Dette handlar om rekruttering og levekår i regionen

Nyheiter

Etter det ingeniørane erfarer, planlegg kommunane samle heile Sunnmøre i eitt innkjøpssamarbeid. I dag har Søre og Nordre Sunnmøre kvar sine samarbeid.

– Dette vil i så fall medføre svært tungrodde og omfattande rammeavtalar, skriv seks rådgivarverksemder på Søre Sunnmøre i ein uttale til kommunane på Søre Sunnmøre.

Brevet er signert av Ose Ingeniørkontor AS, Per Mulvik AS, AG Plan og Arkitektur AS, Conplan AS, Bucci arkitektur og design AS og Sporstøl arkitekter AS.

Berre for dei store

Faren med ei samling er at det vil vere at det legg opp til store rammeavtalar der små, lokale verksemder ikkje stettar krava. 

– Store felles innkjøp vil føre til at berre større nasjonale konsulentfirma vil kome i posisjon til å få oppdrag. I deg er slike firma berre etablert i Ålesund, og også der med få tilsette. Konsekvensen vil vere at både oppdrag og pengestraum går ut av regionen. Det vil vere ei sentralisering både for næringslivet og for kommunane, skriv dei.

Forfattarane peikar på at ei slik sentralisering vil føre til store avstandar frå byggeplass til prosjekterings- og fagmiljø. Det er heller ikkje nødvendigvis billigare med slike avtalar, meiner bedriftene som står bak uttalen.

– Det er berre i tenkte tilfelle dette vil vere rimlegare. I praksis vil det heller vere prisdrivande, mellom anna fordi dei store føretaka erfaringsmessig ligg vesentleg høgare i timepris enn dei små.

Byggjer ned bedrifter

Frykta er difor at elles innkjøp vil difor gjere marknadssituasjonen vesentleg dårlegare for lokale ingeniør- og arkitektverksemder.

– Det siste vi treng no er å fjerne livsgrunnlaget for ingeniørar i det oljeeksponerte distriktet vårt. Rammeavtalar til store, nasjonale selskap betyr ganske enkelt nedbygging av lokale kunnskaps- og teknologiverksemder, heiter det i brevet. Forfattarane meiner dette er ei sak som handlar om meir enn offentlege innkjøp.

– Dette er ei politisk sak som handlar om rekruttering og levekår i regionen. Det er eit nytt kapittel i sentraliseringseffekten vi kjenner frå debattane kring mellom anna sjukehusstukur, kommunesamanslåing, høgskulestruktur, industribedrifter og, no sist, Søre Sunnmøre tingrett.