Amdam blir ordførar i Volda

Dei raudgrøne partia har kome i hamn med forhandlingane Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne i Volda.

Jørgen Amdam (t.h.) blir ny ordførar i Volda. Bildet er frå den raudgrøne valvaken på Rokken. Frå venstre: Gunnar Strøm (SV), Odd Harald Sundal (Sp) og Jørgen Amdam (Ap).  Foto: Janne-Marit M. Falch

Nyheiter

Jørgen Amdam (Ap) blir dermed ny ordførar i kommunen. Det melder Avisa Møre på nettstaden sin tysdag ettermiddag.

Venstre kom på vippen etter valet. Det var knytta stor spenning til om partiet ville halde fram med å støtte den borgarlege blokka, med noverande ordførar Arild Iversen (KrF) i spissen, eller om dei ville skifte side til dei raudgrøne.

Partiet har vore i samtalar med både den borgarlege og den raudgrøne sida, men fall altså ned på dei raudgrøne.

Miljøpartiet Dei Grøne støttar også Amdam som ordførar. Dei same gjer sjølvsagt Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Dei tre raudgrøne partia i Volda avtalte allereie før valet at dei ville samarbeide for å velte det borgarlege styret i Volda.

Venstre får varaordførarvervet i byte for støtta. Førstekandidat Fride Sortehaug blir ny varaordførar i Volda, skriv Møre.

Ap gjekk mest fram ved valet måndag, og kom for første gong over 20 prosent oppslutning i Volda. KrF gjekk også fram, og vart det største partiet. Likevel må Arild Iversen gi frå seg ordførarkjedet til Ap-mannen Amdam. 

Jørgen Amdam (70) er professor i kommunal og regional planlegging ved Høgskulen i Volda. Han kjem opphavleg frå Ørskog.

LES OGSÅ: Desse vart valde i Volda
LES OGSÅ: Valresultatet i Volda