Folkefest for Saksaråsa

Fleire hundre turgåarar la laurdag formiddag i veg mot Saksa etter at Saksaråsa var offisielt opna.
Nyheiter

Festdagen for Saksaråsa starta med frukost i Brua-Parken, og allereie tidleg var det mykje folk som var på plass. Nokre la tidleg i veg mot Saksa, medan mange tok del i programmet til Saksa turstiforeining. Ordførar Rune Hovde gratulerte med dagen i si tale. Han la vekt på at arbeidet som no er lagt ned i Saksaråsa ikkje berre kjem Urke og bygdene rundt til gode, men at det er eit løft for regionen. Øyvind Robakk spelte fele for dei frammøtte, og Kaisa Velle Ulvestad og Jørgen Vartdal Halse spelte også. Saksa turstiforeining fekk og tildelt 50.000 kroner frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre og den lokale kunstnaren Sverre Birger Rønning gav eit måleri av Saksa.

Primus motor for Saksaråsa har vore Bente Åmbakk, og ho var glad for å kunne opne Saksaråsa i fantastisk september-vêr.

- Det har vore ei kort prosjektperoide. Den starta i april og mykje har vorte fullført på nokre få månader. Det siste arbeidsfolket kom inn att i natt klokka tre, og framleis er det folk som arbeider med frukost og fest. Overraskinga som skulle opp på toppen kom opp i natt. Eg vil takka alle som har som har vore med i prosjektet frå å bygge, måle, ta med seg ting til toppen og eg vonar alle får skikkeleg fin tur. Dette vert ein kjempeflott dag, sa Åmbakk til applaus frå publikum.

Sherpaen Suma, som no arbeider med  Den Trondhjemske postveg over Ljøbrekk, hadde fått ein dag fri for å kome og stå for snorklippinga og den offisielle opninga av Saksaråsa. Kvart på tolv vart snora klipt, og turgåarar i alle aldrar la i veg mot Saksa. Dei som ikkje ville ta turen heilt opp på toppen kunne stoppe i  gapahuken i Leknesdalen. Der fortalde m.a. Per Urke om historia til Leknesdalen.