Sesongen i gang

Richard With var fyrste skute inn Hjørundfjorden.
Nyheiter

Hurtigrutesesongen er i gang på Urke. Onsdag starta den to månader lange hurtigrutesesongen i Hjørundfjord.

I 11.30-tida kom M/S Richard With til Urke, og sette av årets fyrste passasjerar.

Tre bussar var på plass ved kaia for å ta pålandstigande passasjerar med seg på utflukt til Norangsdalen og Hotel Union, Øye.

Downtown

Dei andre passasjerane som valde å gå i land, tok seg ein spasertur i «downtown» Urke, og nokre vitja også Urke kaihus.

Kaihuset er det nye tilbodet for passasjerane i år. Rett nok vart kaihuset opna for sal av kaffi og vaflar i fjor, men då var det på dugnadsbasis. I år er det kommersiell drift av kaihuset som kafe, og tilbodet er større for passasjerane.

Hurtigrutesesongen varer ut oktober månad, og Hjørundfjorden som destinasjon er ein del av «Autumn Gold»-opplegget til Hurtigruten ASA.