Friluftslivsåret del 8:

Tusenvis går denne råsa

Ei ganske ny rås på Sæbø har vorte ein kjempesuksess.

Nyheiter

I løpet av det siste året er det 1.649 noteringar i turboka i Gunnarråsa på Sæbø. Over 7.000 har notert seg i boka i alt dei åra boka har lagt ute.

– Det viser at Gunnarråsa har vorte ein suksess, seier leiar i trimgruppa i Sæbø IL, Bodil Skare.

Gunnarråsa på Sæbø startar ved Kapteinskvia i Sandvika, og går 370 høgdemeter opp i skogen.

Det er Gunnar Stokke som er namnefar til råsa. Han rydda henne for nokre år tilbake, og passar på å ha jamt vedlikehald med å slå gras og få vekk greiner som ein snørik vinter og fonner kan ha lagt over råsa.

– Eg gjer dette fyrst og fremst fordi eg likar å halde meg i form sjølv, fortel Stokke.

Gunnarråsa er ikkje berre eit mål i seg sjølv, men kan vere utgangspunkt for fleire turar i Sæbø-området.

– Det kan vere toppturar til Dalegubben, Lynghalstinden, Lisjedalshornet og Keipen, fortel Stokke.

SJÅ EPISODE 1: Ut på tur i Ørsta

SJÅ EPISODE 2: Her har dei funne paradiset

SJÅ EPISODE 3: Friluftsliv utanfor stovedøra

SJÅ EPISODE 4: Ein syklande ordførar

SJÅ EPISODE 5: Tek friluftslivet på sjøen

SJÅ EPISODE 6: - Fjellet gjev meg mykje

SJÅ EPISODE 7: Øyidyll og luftig topptur