Friluftlivsåret del 2:

Her har dei funne paradiset

Ekteparet Inger Lid Riise og Arill Riise angrar ikkje på at dei bygde hytte på Bondalseidet. Her har dei funne friluftlivsparadiset.

Arill Riise og Inger Lid Riise. 

Nyheiter

Møre-Nytt held fram med serien om friluftslivsåret og favorittar i nærmiljøet i Ørsta. Denne gongen er det ekteparet Inger Lid Riise og Arill Riise sin tur.

Dei har bygt seg hytte på Bondalseidet. Med hytta som utgangspunkt har dei eit eldorado å boltre seg i. Om vinteren er det skiturar, gjerne til Åmsskaret. Når det ikkje er snø, er det turar i skog og mark. Då er Dalsvatnet ein favoritt.

- Dalsvatnet, eller Bjørdalsvatnet som eg har kalla det, er ei perle. Her er det roleg og fint, fortel Inger.

Ho og Arill er ofte på hytta.

- Vi kjem inn fredagane, og då startar vi med ein tur. Vi plar seie at før vi kan nyte, må vi yte, seier Arill.

Han er TV2-anker og ho er sjukepleiar på Ålesund sjukehus. Det kan vere travle arbeidsdagar, men dei plar leggje av tid til mosjon og friluftsliv.

- Hadde det ikkje vore for Inger, ville eg ha vore femten kilo tyngre, seier Arill.

- Her må eg korrigere, vi dreg kvarandre ut, insisterer Inger.

SJÅ OGSÅ EPISODE 1: Ut på tur i Ørsta