Samarbeid om nye benkar

Tysdag denne veka fekk medieteket ved Ørsta ungdomsskule fem nye benkar, og dette vart ein realitet gjennom eit samarbeid mellom arbeidslivsfaget og VikØrsta.

Tysdag kom dei nye benkane i medieteket på plass. Frå venstre: Elevane i arbeidslivsfag 9. trinn – Nadja Tharai Skarstein, Ingrid Myklebust Brautaset, Andrea Hovden, Dawit Abebe og Markus Andre Engeseth. Framme: Skulebibliotekar Kari Velle Eiksund og faglærar i arbeidslivsfag Hjørdis Almelid Vikenes. 

Nyheiter

Ørsta ungdomsskule hadde førre skuleår eit særs godt samarbeid med VikØrsta gjennom det nye arbeidslivsfaget på skulen.

– Vi vitja både Ura og Hovden og fekk god omvising av Asbjørn Indrehus. Han fekk alle elevane interesserte i både historikken og produksjonen til stålverksemda. Produksjonssjef Knut Vatne frå VikØrsta vitja også elevane førre skuleår og fortalde om benkane som bedrifta produserer, seier faglærar Hjørdis Almelid Vikenes i arbeidslivsfag.

Elevane på arbeidslivsfag laga forslag til nye benkar i medieteket på skulen i tilknyting til besøket. Løysinga til slutt vart å bruke nokre benkar som allereie var i produksjon ved VikØrsta, og som passa inn i medieteket.

– Vi i arbeidslivsfaget på 9. trinn er første kullet til Ørsta ungdomsskule med arbeidslivsfag. I fin samhandling med offentleg og privat næringsliv har vi gått mange gode steg på ein ny fagveg. Skulen er interessert i endå meir samarbeid med næringslivet og dagleg leiar Odd Magne Vinjevoll hjå Ørsta Næringskontor har vore til god hjelp for oss i oppbyggingsfasen av faget.

Skulebibliotekar Kari Velle Eiksund er saman med Almelid Vikenes godt nøgd med å få nye benkar til medieteket.

– I både friminutta og i undervisninga er det no plass til heile klasser her. Elevane har fått mykje god læring gjennom faget. Vi er veldig takknemleg for benkane, og VikØrsta fortener mykje skryt.

Frå og med neste skuleår er det tre årgangar med elevar i sving på arbeidslivsfaget.

– Vi evaluerer årleg og får nye samarbeidspartnarar inn etter kvart som vi får brikkene på plass. Vi har også eit godt samarbeid med Ørsta vidaregåande skule. Kjekt når vi kan hjelpe kvarandre til å få både godt fagleg utbytte og auke kompetansen vår om lokalt næringsliv. Om det er kommunale einingar eller privat verksemder som er interessert i å samhandle med oss i arbeidslivsfaget, er dei meir enn velkomne til å ta kontakt med oss på skulen, seier Almelid Vikenes.