Luringen Dagfinn Nupen

Han har aldri klart å synge eit heilt salmevers. Han er for skjørt sett saman. Men på lur, horn og fløyte er Dagfinn Nupen sterkare enn dei fleste.
Nyheiter

– Eg er var av natur. Til dags dato har eg ikkje klart å fullføre eit heilt salmevers. Det skal lite til før eg vert gripen av ting, og då eg fekk høyre ein verkeleg god lokk for første gong, var eg hekta.

Det same skjedde då han høyrde neverluren i bruk første gong. Han gjekk sporenstreks og kjøpte sin eigen.

– Og så har det auka på. Det er ein slags minimusikk dette. Det er ikkje så mange som driv på med det. Mykje av instrumenta har gått ut og er ikkje så mykje i bruk, men for meg er det utenkeleg å ikkje halde på med dette.

Historie

Han er sjølvuttalt sportsidiot.

– Og i same andedrag kan du seie at eg er ein historieidiot også. Eg har brukt Snorres kongesoge som hovudpute i alle år. Og i historie passar folkemusikken godt inn. Det vert to i eitt på ein måte. Eg har ei enorm interesse for historie. Eg elskar historiske spel, og har vore med i fleire, som musikar. Då må sjølv fotballkampar vike for fotballgale Dagfinn Nupen, humrar han.

Seljefløyte

Dei fleste som har vakse opp i Ørsta har truleg fått oppleve å lage si eiga seljefløyte, med kyndig rettleiing frå Dagfinn Nupen sjølv. Han har vore flittig brukt som fløytemakar på skulane. Kvart år noterer han ned status for sevja og bladspretten på våren.

– Når blada på trea er like store om museøyrer, då er det tid for sevje og selje. Eg lagar fløyter kvart einaste år for å halde tradisjonen ved like, fortel han, og innrømmer at det nok er seljefløyta som siglar opp som ein favoritt blant instrumenta.

Og det har vorte mange instrument og mange opplevingar gjennom eit langt liv. Han har fleire utmerkingar som viser att i huset heime i Grepalida. Kongens fortenestemedalje i gull heng høgt, men på toppen tronar 1. plassen frå den internasjonale folkemusikkfestivalen i Wales. Der er nålauget trongt.

– Og så har det vorte nokre flotte turar over til «junaiten», som eg seier.

Utstilling

Han humrar igjen. Det er mykje å tenke tilbake på. Om ein månad fyller han 83 år. I kjellaren ligg mellom 30–40 fløyter, horn, munnharper og lurar sirleg opplina.

– Eg har tenkt mykje. Kva no? I min kjellar kjem ikkje desse instrumenta mange til gode, vurderer han.

Difor har han tatt kontakt med Ørsta formannskap for å høyre om dei kan tenke seg måtar Ørsta kommune best mogleg kan disponere deler av samlinga hans på.

– Dei er trass alt fleire hovud enn mitt eine og kan kanskje tenke ut korleis dette kan løysast, håper han.

– Samlinga mi representerer ein eigen kultur, og det meiner eg vi må ta vare på.

Dagfinn Nupen har gjennom åra sirleg teikna ned og skildra kvart einaste instrument på papiret. Han håper det heile kan munne ut i ei meir eller mindre permanent utstilling som er lett tilgjengeleg.

– Men bortsett frå folkemusikk, veit du kva eg helst høyrer? Mannskor og kyrkjeorgel. Åh!

Han smiler lurt og ler stille.

– Deretter country-western. Frå innfødde i junaiten. Det hadde du ikkje trudd?