Klare for motorsykkelsesongen med lokalt samarbeid

Rotevatn Trafikkskule er klare for motorsykkel-sesongen med splitter nye syklar – takka vere eit lokalt samarbeid.

Samarbeider: Kjell Erik Rotevatn i Rotevatn Trafikkskule (t.v.) og Hans André Sørvik er godt nøgde med MC-samarbeidet sitt.  

Nyheiter

– Det er viktig for oss å tilby nytt og trygt utstyr til elevane våre. Difor bestemte vi oss for å kjøpe heilt nye syklar til denne sesongen, seier Kjell Erik Rotevatn i Rotevatn Trafikkskule i Volda.

Skulen har inngått samarbeid med MC-deler AS på Vartdal om levering av syklar.

– Samarbeidet starta eigentleg i det små, med levering av delar og slikt. Så har det balla på seg. I 2013 kjøpte dei nye mopedar av oss, og no har vi levert fire lette og tunge motorsyklar til dei, seier Hans André Sørvik i MC-deler.

Frå Austerrike

Motorsyklane er av det austerrikske merket KTM, som MC-deler nyleg fekk agentur på.

– Dei er både tøffe, moderne og lettkøyrde. Inntil i fjor var KTM dei einaste som tilbaud ABS-bremser på lette motorsyklar. Dette er framleis  sjeldan.

– Om opsjonane på kjøp av fleire syklar blir realiserte, er denne avtalen verdt eit sjusifra beløp for oss. Og det er mykje for ei verksemd som vår, seier Sørvik.

LES OGSÅ: MC-deler opnar eigen butikk

Straks i gang

Motorsykkelsesongen er like rundt hjørnet, og Rotevatn håper å kome i gang med opplæringa i slutten av neste veke.

– Men førstkomande laurdag skal vi vere med når MC-deler opnar nyebutikken sin på Vartdal. Der blir det høve til å snakke med oss, og få ein demonstrasjon av syklane, seier Rotevatn.

Ifølgje han er trenden at fleire og fleire vil ta sertifikat på tohjuling. Og blant ungdomane er trenden at fleire tek lett motorsykkel i staden for moped.

– Eg brukar å seie at ungdomane som kjem til oss deler seg i to. Den eine gruppa er dei som treng sertifikat for å kome seg frå A til B. Dei klarer seg med moped. Den andre gruppa er dei som verkeleg er interesserte i MC. Dei tek gjerne lettsykkel. Då kjem dei gjerne inn i miljøet, og kan til og med reise på lengre turar med syklane sine, seier Rotevatn.

Lokale på Rotset

Trafikkskulen held framleis til på Snippa i Volda, men kjøpte i 2013 garasje og lager plass på Rotset.

– På sikt kjem vi nok til å flytte hit, men per no har vi berre lager og mopedopplæring her.