Brann i bustadhus

Brann i bustadhus i Hovdebygda fredag.
Nyheiter

Det oppstod brann i eit bustadhus i Hovdebygda fredag ettermiddag.

Ørsta Brann og Redning kom fram til staden om lag klokka 14.45.

–  Det kan sjå ut som at huset er i ferd med å bli overtent, seier Møre-Nytt sin reporter på staden klokka 14.50.

Det var vitne som melde frå om brannen då dei såg kraftig røykutvikling frå pipa på huset.

Møre-Nytt fekk tidleg stadfesta at det truleg ikkje var folk i huset då det tok til å brenne. Brannvernet sende inn røykdykkarar for å forsikre seg om dette, og dei sette også i gang med sløkkjearbeid.

Det budde ikkje folk i huset, men det var under oppussing.

Huset ligg mellom E39 og Rystefeltet, i Hovdebygda.