Satsar vidare på Urke

Pilene peikar oppover for innbyggjarane i Urke-bygda.

Urke Camping gjenopna sommaren 2014, med stor suksess.  Foto: Janne-Marit M. Falch

Nyheiter

– Etter to år med underskot, ser det ut til at vi i 2014 kan få eit lite overskot, fortel Erlend Urkegjerde frå styret i Urke Landhandel, i eit brev til Ørsta kommune.

Vil utvide

Dei er berre litt over 40 fastbuande i bygda, og har kjempa ein kamp for å få behalde landhandelen. I fjor starta dei ein stor snuoperasjon med hjelp av grunneigarane av campingplassen. I fire år stod campingplassen for fall, før bygdefolket satsa og tok grep. I seks veker dreiv dei eit omfattande oppussingsarbeid på dei åtte hyttene, og i juli 2014 nyopna dei campingen. Overskotet skulle gå til landhandelen. No ser det ut til at snuoperasjonen har lykkast, og grunneigar Kjellfrid Prestegarden søkjer Ørsta kommune no om å få omdisponere landbruksareal til utviding av Urke Camping.

Landbruksareal

– Vi ser etter gjenopninga at det er ein marknad for å ta i mot bubilar og campingbilar i sommarmånadene. Området vi ønskjer å nytte er eit areal som er landbruksareal, men området har dei siste 10–15 åra berre vore slege med beitepussar for at det skal sjå bra ut, skriv ho i søknaden.

Det er semje mellom Urke Camping, Urke Landhandel og grunneigarane om at dette er noko dei ønskjer å satse på.

– Avtalen er at området som vert grusa opp skal tilbakeførast til slåttmark dersom Urke Landhandel ikkje ønskjer å drive Urke Camping vidare, melder Prestegarden og Urkegjerde til kommunen.

Dugnad

Dei presiserer at dugnadsarbeidet som er gjort, og som er planlagt i 2015, skal føre til at Urke Landhandel overlever.

Dei rosar også innsatsen til Urke Utvikling.

– Vi ser at arbeidet dei har lagt ned for å få hurtigruta til Urke, bidreg positivt til moralen i bygda, og det er aldri problem med å få folk til å stille på dugnad. Denne utvidinga av Urke Camping vil også for det meste verte utført på dugnad, men det er også planar om å søke støtte via Merkur-fondet for små-butikkar, fortel Prestegarden og Urkegjerde.