Reagerer sterkt på utspelet til Sandberg

– Utspelet til Per Sandberg manglar sidestykke i norsk politikk i vår tid, og eg har ikkje høyrt liknande karakteristikkar av andre parti som er så usanne og stygge.

Fylkesleiar Arild Iversen i KrF Møre og Romsdal seier at utspelet til Sandberg manglar sidestykke i norsk politikk i vår tid, og forventar at partileiar Siv Jensen tek eit grundig oppgjer i eige parti.  

Nyheiter

Dette seier fylkesleiar Arild Iversen i KrF Møre og Romsdal. I «Nyhetsmorgen» i NRK torsdag morgon sa Sandberg at KrF har eit stort ansvar for at nordmenn vervar seg til terrororganisasjonar. Iversen meiner utspelet frå Sandberg er problematisk.

– Det er alvorleg at slike utsegn vert støtta av andre framståande Frp-politikarar på Stortinget. At det er fleire som delar synet til Sandberg forsterkar problemet. Viss dette utspelet hadde kome frå ein bygdeoriginal så hadde vi ikkje teke det så tungt, men når det kjem frå partileiinga er det naturleg å ta dette på det største alvor, seier Iversen.

Fylkesleiaren forventar at partileiar Siv Jensen (Frp) no tek grep.

– Frp er i dag eit regjeringsparti med stort ansvar. Som fylkesleiar vil eg forvente at partileiaren i Frp tek eit grundig oppgjer med slike haldningar i eige parti. På fjernsynet torsdag sa ho at Sandberg hadde gått litt for langt, og eg tolka det slik at dei skulle legge det bak seg og gå vidare. Eg tykkjer det meir alvorleg enn som så. For å ha håp om politisk tillit i framtida må dei ta eit grundig oppgjer med slike haldningar og synspunkt i eige parti.

Iversen har von om at når Frp får tenkt seg om så vil dei kome tilbake og vere tydelege på at slike utspel er heilt uakseptabelt. Om utspelet til Sandberg får konsekvensar for eit vidare regjeringssamarbeid overlet Iversen til partileiinga.

– Men vi høyrde klare åtvaringar frå partileiinga torsdag.

– Urettferdig

Paul Kristian Hovden i Ørsta KrF opplevde utspelet til Sandberg som utriveleg og ein total bom.

– Det er høgst urettferdig. Som ein profilert politikarar vert det han seier lagt merke til. Det er ikkje første gong han er ute, og eg tykkjer at han dummar seg ut for open mikrofon.

Hovden overlet diskusjonen om eit vidare samarbeid til sentralpolitikarane, men han meiner at Sandberg ikkje var ein lagspelar torsdag.

– I fjor haust var vi eit tulleparti, og ein skal ikkje strekkje strikken for langt og tru at alt er i orden.

Hovden rosar også sin partileiar Knut Arild Hareide.

– Vi såg ein ganske sint Hareide, og når nokon går over ei viss grense er det kjekt å sjå at nasjonale politikarar også viser kjensler, seier Hovden.