Har vorte ein av dei store

E6-oppdraget i Gudbrandsdalen har gjort K.A. Aurstad til  ein av dei store vegbyggjarane i Noreg. 2014 vart eit godt år for verksemda.

I full sving: Arbeidet med ny E6 mellom Sjoa og Vinstra, der K.A. Aurstad er hovudentreprenør, er snart halvvegs. Her er Aurstad-maskinar i sving i Gudbrandsdalen.   Foto: Arkiv

Opp i høgda: Den nye E6-traseen går lenger oppe i dalen enn den gamle. Her jobbar ei Aurstad-maskin med nyevegen, medan vi ser gamlevegen og jernbanen nede i dalen.  

Direktør: Per Kristian Langlo er administrerande direktør i K.A. Aurstad.  

Nyheiter

– Tala er ikkje heilt klare enno, men vi ser ut til å ende på ei omsetning rundt 560 millionar kroner i 2014, som er betre enn dei rundt 520 millionane vi hadde i 2013. Vi kjem også til å ligge i det øvre sjiktet av målet om overskot på mellom fem og åtte prosent av omsetninga, seier administrerande direktør Per Kristian Langlo i K. A. til Møre-Nytt.

Entreprenørverksemda i Hovdebygda har vakse kraftig dei siste åra, og har vorte ein av dei store aktørane innanfor vegbygging i Noreg. Sjølv om dei framleis tek andre typar entreprenøroppdrag, er hovudfokuset på vegar og andre  større infrastrukturprosjekt. K.A. Auarstad har også vore entreprenør ved mellom anna bygging av den nye kraftlinja mellom Sogn og Sunnmøre, og i opprustinga av flyplassane i regionen.

– Medan vi tidlegare gjerne var underentreprenør på prosjekta, er målsetjinga no at vi hovudsakleg skal ta på oss ansvaret det er å vere hovudentreprenør.

Gigantkontrakt

Den rolla har K.A. Aurstad i Gudbrandsdalen. For eitt år sidan skreiv verksemda under på det som den gongen var den største enkeltståande vegkontrakten i noregshistoria målt i kontraktssum. Kontrakten har ein verdi på om lag 1,6 milliardar kroner, og oppdraget er å byggje ny E6 mellom Sjoa og Vinstra i Gudbrandsdalen.

Prosjektet er langt større enn oppdraga K.A. Aurstad har teke på seg tidlegare. Halvparten av dei i underkant av 200 tilsette jobbar med ny E6. 

– Vi er ikkje åleine om kontrakten. Dette er eit arbeidsfellesskap mellom oss og Implenia Norge. Arbeidsdelinga er ganske oversiktleg: Dei har ansvaret for boring av tunnelane og bygging av bruer og betongkonstruksjonar, medan vi køyrer massen og legg dekket inne i tunnelane, i tillegg til at vi har all vegbygging ute i dagen, seier Langlo.

Eit år etter at kontrakten vart underskriven, er direktøren godt nøgd med framdrifta i prosjektet. Han viser fram ein graf som samanliknar planlagt framdrift og faktisk framdrift.

– Som du ser, så ligg linjene tett inntil kvarandre.

Førti prosent av bygginga av den nye vegen er unnagjort, og planlagt opning er i oktober 2016.

Lite aktivitet framover

Sjølv om K.A. Aurstad har nok å henge fingrane i per no, lurer det meir usikre tider rundt hjørnet.

– Her lokalt var det stor aktivitet under bygginga av Eiksundsambandet og Kvivsvegen. No framover er det nesten ingen planlagt aktivitet. Eg brukar å seie at det tek tjue år å krangle om kvar ein veg skal gå, ti år å planlegge han og to år å byggje han. Prosjekt som Voldatunnelen, Ørstafjordkryssinga, Strynefjellstunnelane og Hafast er difor langt opp og fram, seier Langlo.

Den låge aktiviteten lokalt gjer at Aurstad budsjetterer med lågare omsetning i 2015 enn i 2014.

– Men det får ikkje nokon dramatiske konsekvensar for oss. Bedrifta er såpass solid at vi toler at omsetninga går litt ned, seier Langlo.

Det er likevel ting på gang i nærområdet.

– Det er vegprosjekt på gang, til dømes er Førdepakken under planlegging. I tillegg jobbar vi med nokre andre prosjekt, utan at eg kan seie noko meir konkret om det.

K.A. Aurstad vil helst ikkje bevege seg for langt vekk frå Sunnmøre.

– Som ein konsekvens av den låge aktiviteten i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, har vi utvida dekningsområdet vårt til Oppland (E6) og Hordaland (fv. 48). Men sjølv om vi har rekna på prosjekt både på Austlandet og i Nordland, blir det fort store pendlaravstandar når dei tilsett bur her i området. Vi vil helst vere ei regional verksemd, seier Laglo.