Rapport frå eit konkursbu

– Sunnmøringane er best i landet på privatøkonomi og verst på offentleg økonomi. Tre av fire sunnmøringar bur i kommunar som er lagde under statleg styring. Men Olav Thon kan le heile vegen til banken.
Nyheiter

Sunnmøring ... berre vedgå det; når du tenkjer på sunnmøringar, så tenkjer du pengar, mykje pengar og god økonomistyring. Du har rett. Ser ein på statistikken over kva sunnmøringar har sams, så er det nettopp mykje pengar som peikar seg ut. Deler ein landet opp i om lag femti like store regionar, så kjem Søre Sunnmøre fyrst innanfor eksport: I 2009, til dømes, eksporterte kommunane der for over millionen per innbyggjar, så kom Nordmøre, og så kom av ein eller annan grunn Molde og så kom Ålesund.

Takka vere Sunnmøre er faktisk Møre og Romsdal, fylket der alle hatar alle, nummer éin i eksport per sysselsett. Men gjev det utslag i massiv bruk av pengar? Nei. Sunnmøre er den regionen i Noreg som har færrast offentleg tilsette og har saman med Sogn og Fjordane færrast kredittmerknader per innbyggjar. Kort sagt: Hadde Sunnmøre vore eit eige land, som Haakon Lie ein gong ynskte seg, hadde det vore eit skandinavisk Sveits.

Nesten. For det er noko som har gått grundig gale i regionen. Det er så gale at halvsunnmøringen, fylkesmannen og Frp-aren Lodve Solholm har sagt det rett ut:

– Om vi går gjennom tala, er Sunnmøre verst i landet.

Ikkje sjå til Ørsta

Ørsta er berre eitt av fleire døme, men det er der vi skal halda oss. Lat det også vera understreka at alt som står i denne artikkelen, har vore dokumentert i lokalpressa gjennom åra, og at alle partar har fått svara for seg. Det som kjem fram i denne artikkelen, er ting som kunne ha gått bra, men som ikkje gjorde det, og som no stort sett er historie.

– Kva som gjekk gale? Jau, det skal eg fortelja deg!

Mannen som taler, er Oddmar Nerland, som held til i det snart einaste bygget med aktivitet i «nestegatå» som vi kallar strandgata i Ørsta. Nerland er frisør, ein svært sitatvenleg frisør som veit alt og litt til om Ørsta. Han har i tillegg klipt underskrivne sidan han var ti år. I denne teksta kjem det fleire namn. Dei har det sams at eg stort sett kjenner dei, dei har vore trenarar, lærarar, rektorar og mykje anna, men ingen er nære vener, og eg har ikkje finansielle band til nokon av dei. Men reportasjen vert nok meir venleg av den grunn, men soga er likevel så illustrerande og god at eg vel å fortelja henne sjølv.

– Jau, seier Nerland, – det som gjekk gale, var at Volda-ordføraren, Knut Bere (Høgremann frå Voss som var ordførar i femten år mellom 1988 og 2003, red. merk.) stod borte i bakkane og ropa til Ørsta-industrien: «Kom til Volda, her skal de få gode vilkår! » I alle år hadde Ørsta-politikarane sove i trygg forvissing om at krafta og industrien berga dei. Men no skal eg seia at senterpartistane vakna i sofaene og fekk brøker på underbuksene. Her skulle det satsast!

– Har du møtt Robek?

Satsinga heitte næringslivssatsing, og ho enda, som vi skal få sjå, på ROBEK-lista.

– Har du møtt han Robek, spør Nerland og flirer.

Nei, eg har ikkje det. ROBEK er ei forkorting som berre statlege byråkratar kan ha funne på. Forkortinga vert administrert av fylkesmennene i Noreg, og om lag ti prosent av kommunane i landet er underlagde ordninga: ROBEK står for «Register for betinget godkjenning og kontroll».

Eller sagt i klarspråk: Står kommunen din på ROBEK, tyder det at han er overteken av staten, og at han ikkje får låna ei krone før han har fått kontroll over økonomien sin. Ørsta kommune er der. Ørsta kommune har satsa, og det fyrste dei satsa på, var «mittigatå», den midtre gata i Ørsta sentrum og den tradisjonelle handlegata. Kor mange millionar som gjekk med der, veit ingen, sidan ingen har orka å gå gjennom alle dei aktuelle kommunerekneskapane. Men at det vart nytta meir enn ti millionar, er alle samde om. Gata er fin, ho. Ho er framleis gågate, og ho har framleis svært ven brustein. Og ho er totalt folketom, og stort sett alle butikkane som låg der, er no berre tømde skal.

– Eg har gjort framlegg om at Ørsta kommune bør lysa henne ut som filmkulisse, seier Nerland.

– Alt ein treng, er nokre høyballar og juletre som blæs bortetter, og vi kan spela inn ein moderne western.

Ein tidlegare Frp-ar

Når eg er ferdig med haukinga og klippinga, traskar eg opp på rådhuset. Ingen skal skulda Ørsta-politikarane for å ha nytta pengar på praktbygg. I kjellaren står brannbilane, og bygget er så stygt at berre arkitektar kan elska det. Eg er på eit vis likevel glad i rådhuset. Ein ordførar var verja mi, ein annan rektoren min, og rådmannen i alle år, sosialøkonomen Per Hovden, ei legende både lokalt og nasjonalt og rådgjevar for ei mengd NOU-ar og anna, var læraren min og ein god rettleiar både i mikro- og makroøkonomi.

Men hæken var han. I haust har lokalavisa Møre-Nytt avslørt at bygget som inneheld brannstasjonen, ikkje har røykvarslarar eller sløkkjeanlegg. Same kan det vera, for politikarane har truleg ikkje råd til kjøpa korkje varslarar eller brannsløkkingsapparat.

Men no er Per Hovden død, og eg her for å møta ordføraren Rune Hovde, som før, som så mange andre ordførarar i regionen, representerte Frp. Det gjer han ikkje lenger. No har han meldt overgang til Høgre. Eg må møta han halvveges opp i trappa. Hovde er oppteken av å spara pengar.

– Eg har lova meg sjølv og alle andre at så lenge eg er ordførar, skal eg aldri taka heisen.

Hamna i heisen har han derimot gjort. Om historia er uvenleg mot han, kjem Høgre-mannen til å verta hugsa som den som innførde eigedomsskatt i Ørsta.

Ikkje kaffi!

Vel inne på kontoret ryddar han plass i papirhaugen og byd meg ikkje kaffi.

– Kvar det byrja, spør du. Eg var for salet, berre så det er sagt. Kommunen skal levera tenester og halda seg unna det meste anna. Men det byrja nok då vi selde det kommunale elektrisitetsverket til Tussa.

Tussa kraft er lokomotivet både i Ørsta og på Søre Sunnmøre. Det skulle eigenleg heita Tyssa kraft, etter Tyssefossen på Bjørke i heimebygda mi. Fossen vart oppdemd i 1950-åra og kravde mange liv, men har i alle år vore ei pengemaskin for alle eigarkommunane på Søre Sunnmøre. Men Tyssa kunne kraftselskapet ikkje heita sidan det alt var eit anna kraftselskap som heitte det same. Difor det underleg namnet. Tussa er òg arbeidsplassen til Hovde, og Ørsta har aksjar for over 350 millionar i selskapet.

– For då vi selde e-verket, kom det ei kjensle inn i alle politikarane av at vi hadde mykje pengar.

Og det hadde Ørsta. Han som fekk i oppgåve å selja e-verket, var senterpartisten Stein Aam, min gamle fotballtrenar. Han gjorde eit godt arbeid og tinga fram ein pris frå Tussa på 148 millionar kroner, langt meir enn Volda, føredømet for salet, fekk året før då dei selde e-verket sitt. Halvparten av salssummen vart betalt i form av endå fleire Tussa-aksjar (eit genitrekk, verdistiginga har vore stor), resten kom i form av kontantar.

– Noko sette vi i fond, noko nytta vi til Grepasatsinga, seier Hovde.

Alle kontantane frå Tussa, kvar ei krone, alle dei 74 millionane i ein kommune på vel 10.000 innbyggjarar er no borte. Vinnarane er nokre finske kapitalistar og ikkje minst ein hyggjeleg eldre kar frå Hallingdal, Noregs rikaste mann, Olav Thon.

Men lat oss streka under dette: Korkje Thon, finnane eller Ørsta kommune eller Ørsta og Volda Sparebank har gjort noko ulovleg.

Ikkje kritiser dei gamle

– Men eg vil ikkje kritisera nokon av forgjengarane mine. Eg hadde truleg gjort det same sjølv. Og alle kommunane rundt omkring har gjort liknande ting.

Det har Hovde heilt rett i. I Noreg totalt var det ved inngangen til 2014 45 kommunar som var på ROBEK, i all hovudsak små kommunar med få innbyggjarar. Slik er det ikkje på Sunnmøre, som no har alle rekordane i dårleg kommunal styring. Den siste kommunen som hamna på ROBEK, var Ålesund. Ålesund er den største kommunen i landet som er på ROBEK. Den som fyrst hamna på ROBEK, var Stranda, som kom seg ut og som så valde Frank Sve frå Frp til ny ordførar, som no toppar lista til fylkestingsvalet. Han fekk Stranda inn att på ROBEK. Han satsa på eit skisenter som regnde bort, men som òg gav Stranda suveren norsk rekord i kommunal skuld. Volda, på si side, hamna på ROBEK i vinter og er den kommunen med høgst utdaningsnivå på ROBEK. Og Ørsta som lenge har vore på ROBEK, er den største kraftkommunen på lista.

Lista kan gjerast lengre. Det er fleire kommunar på Søre Sunnmøre som er på ROBEK enn ikkje. Ja, faktum er at to av tre sunnmøringar no er på ROBEK. Det er mest berre ulsteiningane som ikkje er listeførde. Det kan ein forstå sidan Ulstein er den fremste eksportkommunen i landet innanfor maritime næringar, men det er heller ingen løyndom at skulda i den kommunen også veks.

– Eg har sett på rekneskapen til alle kommunane i regionen. Det er berre hjå dei kommunane som er på ROBEK, at skulda ikkje veks og veks, seier Hovde.

– Men du, når du ser på kor folketomt det er i sentrum og dei mange bygga som står til nedfalls, var det ikkje feil å satsa på dette enorme kjøpesentret?

– Nei, hadde ikkje vi gjort det, hadde det hamna ein annan stad. Dessutan: Sjå på vêret ute no. Det er full snøkave. Eg heller lika ikkje å gjera julehandel ute når det var slikt vêr. No kan eg gjera alt innandørs. Dessutan vonar eg, og trur eg, at når vi har fått sanert og regulert nestegata, så vil kjøpesentret veksa opp mot sentrum og skapa nytt liv der.

Ei Grepa tomt

Her byrjar Hovde å leggja ut om at Ørsta er ein del av ein internasjonal arkitektkonkurranse, og planane han og kommunen har for tida etter ROBEK, når dei på nytt skal få avskipa eigedomsskatten som Hovde er imot, men som han òg innførde. Men framtida kjenner ingen, og eg går ut att i snøkavet og tek bilen ned til Ørsta Amfi. Kven eig Amfi? Jau, det står på heimesida deira: «Amfi er et selskap i Olav Thon Gruppen og har sitt hovudkontor i Surnadal på Nordmøre. » Sagt på ein annan måte: Det er Thon, alt saman. Amfi ligg på det som før vart kalla Grepa-tomta, den klart største strandtomta i Ørsta sentrum.

Der låg før komfyrfabrikken Grepa, som utetter i 1990-åra merka konkurransen frå Aust-Europa og Kina. Dei sleit dessutan med for store og utdaterte lokale. Og her er det at dåverande ordførar, Nils Taklo, min gamle rektor og kristendomslærar, kjem inn i biletet. Saman med rådmann Hovden la han ein plan som stort sett alle politikarane var samde om, og som stort sett alle politikarane den dag i dag stort sett er samde om at var ein god plan.

Taklo står på sitt

Taklo har fleire gonger vorte spurd om det han gjorde, var rett, og han har alltid svara at det var det. Han har og streka under at det var heilt rett å selja Grepatomta med stort tap. I vår sa han dette til Møre Nytt:

Taklo meiner det var eit svært klokt val å selje tomta slik at det vart etablert kjøpesenter der.

– Det hadde vore ein tragedie viss Grepa-tomta låg der ubygd i dag. Eigaren av Grepa-fabrikken ville flytte til nybygg på Mosflata, og vi fjerna industrien frå sentrum, og då opna det seg eit veldig stort område som var naturleg å bruke til kjøpesenter.

Ørsta kommune kjøpte Grepatomta i to omgangar, fortel den tidlegare administrerande direktøren i Grepa, Sigbjørn Flø; fyrst ein liten del for tre millionar i 1995, og så heile resten av tomta for 27 millionar etter salet av Ørsta elektrisitetsverk. Men det stogga ikkje der. I same prosessen vart Grepa seld av dei lokale eigarane, kjøparane var nokre finske investorar som kalla seg Helkama. Men dei kjøpte på føresetnad av at Grepa skulle få ny tomt og nytt bygg.

Det fekk dei utanfor Ørsta sentrum, på ei flat og fin dyrkamark kalla Mosflata. Bygget vart finansiert med 55 prosent av Ørsta kommune, til ein kostnad på 12,9 millionar. Resten av bygget vart lånefinansiert via Ørsta og Volda Sparebank.

Cola til Russland

Byrge finnar og byrge tilsette kunne så i 2002 flytta inn i eit nytt praktbygg. Samstundes sanerte Ørsta kommune Grepatomta, dei reiv alt. Så gjekk dei inn i tingingar med Olav Thon, Coop og ei gruppe lokale investorar. Enden på visa var at dei selde tomta for 3,2 millionar, altså med eit tap på nær 30 millionar etter sanering. Men då var Nils Taklo ute av soga. Og prisen på tomta vart tinga fram av Frp-ordføraren, Hans Olav Myklebust, som var særs nøgd med salet og sa til NRK at han meinte «Ørsta med dette styrkar seg i kampen om å bli regionsenter for Søre Sunnmøre».

Han fekk ingen kritikk frå andre politikarar. Og så bygde Olav Thon eit kjøpesenter til 100 millionar. Skatt til Ørsta vert det diverre lite av sidan det berre er kjeder i sentret. Men ørstingar flest er nøgde med sentret, då sett bort frå vår frisør:

– Det er berre låglønte deltidstilsette der borte. Vert ikkje skatt av slikt!

Korleis gjekk det med nye Grepa då? Jau, dei heldt fram med å gå med overskot, dei. Særleg av di dei hadde ein gullkanta avtale med Coca-Cola om å produsera butikkjøleskåpa deira.

Men, fann finnane ut, det var ikkje bra nok: 8. januar 2008 måtte direktør Flø fortelja at dei heile var over: «Nedlegginga skjer trass i at vi har gjort det godt i Noreg. Så for finnane er dette snakk om førevarprinsipp.»  Ja, så føre var var finnane at dei straks og med ein gong flytte produksjonen av Cola-skåpa til Russland og Ungarn og drog i prosessen frå gjelda i Ørsta og Volda Sparebank.

Tomt for aksjar

Sidan 2008 har bygget på Mosflata stått tomt. I år overførde kommunen alle aksjane til Sparebank 1 og skreiv av heile investeringa. Ingen har rekna på kor stort tapet vart for Ørsta kommune, fortel ordførar Hovde, men tapet ligg på ein stad mellom 40 og 50 millionar. Resten av kontantane frå salet av e-verket vart sette inn i eit aksjefond, for så å verta brukte opp. Og dimed hamna Ørsta på ROBEK.

Men korleis gjekk det med Volda, som byrja prosessen med å selja e-verka og ville lokka industrien dit? Til alle ørstingars store fryd: ikkje bra! Volda fann i 2000 ut at dei ville selja A-aksjane sine i Tussa for 85 millionar. For dette måtte dei betala staten skatt på 15 millionar, resten vart sett i aksjefond. I 2011 rekna nærnett.no at Volda hadde tapt 99 millionar på å flytta aksjane frå Tussa over i eit fond. I fjor haust gjekk fondet så godt som tomt, og i vinter hamna Volda på ROBEK. I prosessen har Volda makta å rota bort 200 millionar.

Ørsta, som rota bort berre 74 millionar pluss litt renter, sit framleis med aksjar i Tussa; dei er verde 350 millionar, pengar ingen vil realisera sidan politikarane såg korleis det gjekk sist gong dei selde kraftverk. Og så godt som ingen vil fusjonera med Volda før Ørsta på eitt eller anna vis får betalt for aksjane i Tussa, noko Volda ikkje har råd til.

Moralen er?

Har soga ein moral? Tja, kanskje. Den eine lærdomen er at politikarar ikkje bør taka den same risikoen som forretningsfolk, men det er kanskje vanskeleg å få gjennomslag for i ein region som er dominert av Høgre og Frp. Kven veit? I Ulsteinvik byggjer Høgreordføraren så mykje for tida at både New York og alle grannekommunane kan verta svartsjuke.

Den andre lærdomen er at det er skilnad på mikro og makro. For politikarane i Ørsta kjendest det rett å gje bort mange millionar til Thon, sidan det skulle styrkja Ørsta i kampen mot dei andre kommunesentra kringom. Det er mikroøkonomi. Men tenkjer ein makroøkonomi, er det meiningslaust at skattebetalarane skal konkurrera seg imellom om å draga til seg eit næringsliv som dei må subsidiera. Ein slik konkurranse vert alltid eit ras mot botnen.

Då Eiksundsambandet kom, såg Thon sjølvsagt at det var rom for eit stort kjøpesenter i regionen. Hadde ikkje kommunane konkurrert seg imellom om å få sentret, så hadde Thon mått betala marknadspris, og ørstingane hadde ikkje mått betala nær 50 millionar til lure kapitalistar.

Sparebank 1

Kvifor vart det Sparebank 1 som tok over aksjane i det tome bygget etter Grepa? Jau, Ørsta og Volda Sparebank lånte pengar både til finnar og andre, mellom andre butikkeigarar som ville tevla med Amfi og Olav Thon. Dei tapte, og med det tapte Ørsta og Volda Sparebank, som vart eigarar av store og tome lokale både her og der og med di tapte eigenkapital. Banken eg voks opp med, vart svelgd av Sparebank 1.

Eg for min del avsluttar reisa mi i Ørsta sentrum med å kjøpa julegåver på Amfi, som skaffa Ørsta sentrum vinmonopol, der politikarane kan drukna sorgene sine. Økonomistyringa i Ørsta er no på rett veg, seier fylkesmannen. Det er verre med dei hine.

I vesle Fosnavågen sprakk den nye praktsymjehallen med 56 millionar. Så langt har badelandet kosta 236 millionar kroner før moms. men så har då tettstaden flest milliardærar per innbyggjar. Som han sa det, fotballspelaren George Best, då han var spurt om kvar alle pengane hans hadde vorte av: «Vel, eg nytta ein del på kvinnfolk og fest. Resten sløste eg bort.»

  Foto: Vil ikkje kritisere: Ordførar Rune Hovde vil ikkje kritisere forgjengarane for satsinga på sentrumsutvikling.

Olav Thon: Amfi og eigar Olav Thon er vinnaren etter Ørsta-politikarane sin bruk av kommunale kraftkroner.