– Vi ser med uro på situasjonen for Psykisk Helse i Volda

Ragnar Marøy er uroa for psykiatrien i Volda.

Helse- og omsorgssejf i Volda komune, Jorunn Anne Remme Tomasgard forstår ikkje kritikken frå Ragnar Marøy. (Arkivfoto) 

Nyheiter

Marøy er seksjonsleiar for DPS ambulant seksjon, Søre Sunnmøre i Helse Møre og Romsdal.

Til Volda kommune fortel han at dei er kjende med at personalsituasjonen er vanskeleg på grunn av mykje fråvær.

– Vi har i seinare tid fleire gongar opplevd at tenesta for Psykisk Helse i Volda ikkje har kapasitet til å overta oppfølging av våre pasientar som er avslutta behandling av oss, men som framleis vil trenge vidare oppfølging på kommunalt nivå.

Marøy seier at Akutt heimebehandlingsteam (AHT) ofte er avhengig av at kommunane har tilgjengelege ressursar til å halde fram oppfølginga av pasientar som har vore innom Marøy sitt team.

– Dersom vi ikkje får til ein slik flyt vert det vanskeleg for oss å ta inn nye pasientar i AHT, noko som kan medføre at pasientar vert overført til Mottak i Ålesund, framfor å få heimebehandling av oss. Dette vil vere svært uheldig.

Forstår ikkje

Helse- og omsorgssjef Jorunn Anne Remme Tomasgard seier at ho ikkje forstår kva som ligg bak kritikken.

– Vi stiller oss litt undrande til måten han har gått fram på. Vi har ikkje vorte kontakta på førehand, verken eg eller leiarane under meg, og vi har ikkje fått avviksmeldingar.

Tomasgard fortel at ho har snakka med Marøy og at dei skal møtast for å snakke om situasjonen.

– Det er ukjent for meg det han trekkjer fram. Personalbiten snakkar eg ikkje om. Alle stader har sine utfordringar, men dette handlar ikkje om det. Vi forstår ikkje kva som ligg bak, seier ho.