La ut Facebook-melding om hasjmisbruk:

– Eg er heilt mållaus over responsen

Simone Vartdal (23) fortalde ope om hasjmisbruket sitt på Facebook for å åtvare andre. Responsen har vore enorm.

Simone Vartdal sto fram og fortalde om hasjmisbruket sitt på Facebook i helga. Respopnsen har vore enorm. Til no er innlegget delt over 1.100 gongar.  Foto: Marius Myklebust

Simone la ut dette bildet på Facebook for å vise skilnaden frå då ho røykte hasj til i dag.   Foto: Privat

Nyheiter

«Hei godtfolk! Ditta her er noke ej he vurdert lenge om ej skal legge ut offentlig, eller ikkje. Men det er noke som betyr så mykje for mej, å he spelt ei so sentral rolle i livet mitt at ej velge å gjer det.»

Slik startar Facebook-meldinga Simone Vartdal la ut 29. august.

– Det var ikkje lett å legge det ut det, og det var fleire som meinte eg burde la vere. men eg vart sikker på at det var rett, seier ho til Møre-Nytt.

– Eg trur det er betre å vere open om det, enn å halde det skjult for skule, jobb og andre. Men det viktigaste for meg var å fortelje andre ungdommar at hasj og cannabis ikkje er så uskuldige stoff som mange hevdar. Det kan eg skrive under på at dei ikkje er, seier ho.

Enorm respons

Tilbakemeldingane på innlegget har ikkje late vente på seg. I skrivande stund er det delt over 1.200 gongar på Facebook. Simone har også fått mange tilbakemeldingar etter at ho fortalde om misbruket sitt til Sunnmørsposten tysdag.

– Ja, det har vore mange meldingar og telefonar. Eg er heilt mållaus. Eg trudde kanskje ein del av vennene mine skulle legge merke til det, men dette hadde eg aldri trudd, seier ho.

Avrusing

Det er berre rundt ein månad sidan Simone vart skriven ut frå avrusingsbehandling for andre gong.

– Eg starta å eksperimentere med stoff i 14-årsalderen, og fann raskt ut at hasj var «mitt» stoff. I ettertid har eg blitt diagnostisert med ADHD, og det kan nok vere litt av forklaringa på at eg vart avhengig av den roande rusen frå hasjen.

Sosialt sjølvmord

Simone fortel at hasjen øydela henne fullstendig. I innlegget på Facebook, kallar ho misbruket eit sosialt sjølvmord.

– Ein kan berre gløyme å kombinere det med eit normalt liv. For meg handla alt om stoff. I dag må eg gå delar av vidaregåande opp igjen. Ein mistar all tiltaksvilje til å gjere noko som ikkje handlar om å ruse seg, seier ho.

Det verste ho opplevde i rusen, var å gå inn i psykose. «Psykose folkens, kan ej love dokke at dokke ikkje vil oppleve,» skriv ho i innlegget.

– Det er heilt forferdeleg å sjå at ting går føre seg rundt deg når ingen andre ser det. Eg såg folk og ting som ikkje var der. Og då dei kom for å ta meg med til psykiatrisk avdeling, var eg sikker på at eg skulle bli teken livet av. Det var ikkje gøy.

– Hasj er veldig farleg

Simone er svært kritisk til den liberale haldninga mange har til hasj og cannabis.

– Når folk får vite at det er dei stoffa eg stort sett har brukt, seier dei «å ja, men det er jo ikkje så gale». Men desse stoffa er ikkje ufarlege. Dei øydelegg deg totalt. Eg veit ikkje om mange som klarer å leve normalt og ruse seg samtidig.

Ho fryktar kombinasjonen av glorifisering av bruk av hasj og andre stoff i amerikanske filmar og TV-seriar, kombinert lett tilgang på stoff, gjer at lokale ungdommar blir freista til å prøve.

– Stoffet er berre ein telefon eller ei tekstmelding unna. Men eg håpar at historia mi gjer at folk droppar det.

Rusfri

No er Simone rusfri, tek siste året på vidaregåande i Volda. Deretter vil ho søke på høgskuleutdanning i sjukepleie.

– Eg vil alltid vere rusavhengig. Men eg har bestemt meg for å legge misbruket bak meg. Eg håpar at erfaringa mi gjer at eg kan hjelpe andre som sjukepleiar, seier ho. 

Les heile Facebook-meldinga til Simone her (ekstern lenkje)

Merk: Denne saka skaper engasjement, og det er bra. Sjølv om dei fleste kommentarane på saka var uproblematiske, valde vi å stenge kommentarfeltet fredag ettermiddag på grunn av enkeltinnlegg som ikkje var foreinlege med retningslinjene for debatt på Møre-Nytt sine nettsider.