Teneste i Stillehavet

– Å få vera på Hawaii har vore ei utruleg fin oppleving og eg har nytt mykje av det denne utruleg vakre øya har å by på, fortel Martin Skurtveit.
Nyheiter

Han har hatt radiosamband på fregatten KNM Fridtjof Nansen under verdas største militærøving.

Fregatten KNM Fridtjof Nansen er det einaste norske fartyet som har delteke på verdsens største marineøving, RIMPAC, som har gått føre seg i området rundt Hawaii i sumar.

– Frå Haakonsvern hadde me sigla i ein og ein halv månad før me kom til Pearl Harbor. Då me sigla inn var eg svært spent. Det har vore det mest spanande på heile turen, fortel Skurtveit.

– Å vitja den amerikanske marinen sitt største farty, USS Ronald Reagan, var veldig kjekt. Det store hangarskipet rømmer over fem tusen soldatar og kring femti fly, samstundes som han har nok våpen til øydeleggje det meste. Dette er slikt ein som regel berre ser på film, men eg var heldig som fekk vera der på ekte.

– Eit anna høgdepunkt var å seila gjennom Panamakanalen. Det er nok ikkje so mange i Noreg som får høve til det.

Pugga for å komme med

Meinig Skurtveit kom inn i Sjøforsvaret i januar i år.

– Etter rekruttskulen var det SRO-kurs som stod på ventelista, eit sambands- og radiooperatør-kurs. Kurset minner om ei hard eksamensperiode med mykje teori og førebuing på kort tid, som alle sambandsoperatørar må gå gjennom før dei får halda fram i stillinga, fortel Skurtveit, som etter SRO-kurset fekk velja blant ei rad farty med ledige stillingar.

– Det var mange som ville på fregatten som skulle delta på Rimpac 2014 og konkurransen om plassen var stor. – Eg førestelte meg at toktet med fregatt til Hawaii ville verta som ein draum. Eg stortrivst og er veldig nøgd med valet mitt av teneste. Faktisk trur eg ikkje eg kunne fått ei betre førstegongsteneste.

Ikkje småprat

Å jobbe med radiosamband tykkjer Skurtveit er både interessant og lærerikt.

– Ein får verkeleg testa hjernekapasiteten til tider. Jobben går ut på å kommunisere med andre fartøy, fly og radiostasjonar. Under øvinga skjer det mykje på ein gong, men dette avvikla me fint, fortel Skurtveit.

– Sidan eg tjenestegjer i radio har eg snakka mykje med soldatar på andre fartøy, men då er det ikkje løyve til småprat og å ha det kjekt over sambandet. Det er viktig å vera seriøse slik at ting går snøgt. På land har eg og møtt mange soldatar frå andre land. Eg tykkjer det er morosamt at alle spør om det same når dei får vita at me er nordmenn: «Is it really true that Norwegian women are so beautiful?» og «Why are you here on Rimpac, are you coming back next time?». Dei ynskjer å sjå bilete, både av KNM Fridtjof Nansen og av norske kvinner.

– Alle er hyggelege og tilbyr omvising på andre fartøy eller køyre oss rundt på basen og syne oss sjåvedigheitar..

Norsk missil

Meinig Skurtveit har og fått høve til å vera på ekskursjon utanfor basen.

– Hawaii er nett slik som eg hadde sett føre meg, eit utruleg vent landskap med palmer på strendene. Eg har kosa meg på Hawaii, men det er viktig å hugse kvifor eg er her og kven eg representerer. I hamna ligg me side om side med fartøy frå andre sida av kloten og derfor er det viktig at me gjer rett inntrykk, fortel Skurtveit.