Kraftig auke for Ørsta-Volda lufthamn

Nyheiter

Sjølv om koronapandemien framleis pregar reiseaktiviteten både lokalt, i Noreg og resten av verda viser tala frå 2021 at den auka samanlikna med 2020. For Ørsta-Volda lufthamn var det 71.375 passasjerar som reiste med Widerøe i 2021. Samanlikna med 2020 var det ein auke på tjuefem prosent. Likevel er det ein nedgang samanlikna med eit normalår. 2019 var det siste normalåret. Reiseaktiviteten hadde ein nedgang på 32,7 prosent i 2021 samanlikna med 2019.