Rekordstore elvar?

-Har ikkje høyrt liknande i mine 50 år busett attmed elva

Bondalselva var stor torsdag, men var den rekordstor?  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

I mangel på nøyaktige målingar må vi ty til "manns minne" når det gjeld spørsmålet om det var rekordstore elvar under "Gyda". Spørsmålet er aktuelt spesielt for Follestaddalselva, som var eit skremmande syn onsdag og torsdag.