Smitte på fleire skular i Ørsta

Nyheiter

Ørsta kommune har sidan onsdag kveld fått melding om sju nye tilfelle av Covid-19.

- Ei klasse på Sæbø skule er råka og ei klasse på Ørsta ungdomsskule, og dessutan eit fotballag. Det er også påvist smitte på Møre folkehøgskule. Alle det gjeld får informasjon frå skulane, heiter det frå Ørsta kommune i ei pressemelding.

Det har vore smitta og trent på Aktiv trening 11.01 og 12.01 om ettermiddagen begge dagar.

- Vi ber dei som har vore på Aktiv i same tidsrom om å være merksame på symptom, og ha låg terskel for å teste seg ved symptomutvikling innanfor dei neste 10 dagane, kjem det frå Ørsta kommune.