Simone i D’Sound igjen

For fire år sidan slutta Simone frå Volda i D’Sound etter tjue års samarbeid. No gjer bandet comeback med ny låt, og Simone seier til Sunnmørsposten at det kan bli fleire songar.

Saman igjen: D’Sound gjer comeback, f.v.: Johnny Sjo frå Molde, Kim Ofstad frå Trondheim og Simone Eriksrud frå Volda.  Foto: Pressefoto

Nyheiter

Comeback-songen heiter «Flashback» og ligg på youtube. Flashback skal vere med på plata som markerer bandet sitt 25-årsjubileum, og kjem 31. januar.

Det er den originale trioen som er med på plata: Simone Eriksrud (tidlegare Larsen) frå Volda, Johnny Sjo frå Molde og Kim Ofstad frå Trondheim.

Det var i 2018 at Simone etter mange år som artist sa farvel til musikkbransjen, og ho sa då at ho heia på den nye utgåva av D’Sound av heile sitt hjarte. Dei hadde då tilsett ny vokalist.

Til Sunnmørsposten seier ho:

-Det var som å slå opp. Men eg trur ikkje dei andre i bandet vart så sjokkerte – dei merka at eg begynte å bli litt ferdig.

Bandet hadde då halde det gåande sidan 1990-talet.

-Eg syns vi heldt koken veldig lenge. Til slutt hadde eg ikkje noko å gje, seier Simone til Sunnmørsposten.

Men i april i fjor møttest bandet igjen. Simone hadde med seg ei song-skisse ho hadde laga saman med produsent-ektemannen Simen Eriksrud. Så jobba det opphavlege D’Sound vidare med songen ilag.

– Det var som å kome heim. Det var så fint! Eg fekk gåsehud der ein ikkje trur ein kan få gåsehud, seier vokalisten til Sunnmørsposten.

Ho meiner at å jobbe band saman er som eit kjærleiksforhold. Det er lettare å gje noko når ein ikkje har presset om heile tida å skulle prestere.

Og så får tida vise om D’Sound leverer meir i åra som kjem:

-Det er veldig vanskeleg å leve av popmusikk. Når du begynner å bli gamlistar som oss, er det ekstra krevande, seier Simone, som i tillegg til musikken no har fast jobb på kontor.