Flaumfare også fredag

Ekstremvêret Gyda er på langt nær over. Ifølgje varsom.no er det stor flaumfare og jordskredfare resten av dagen.

Stor vassføring: Bondalselva var svært stor onsdag kveld. Her passerer vassmengdene Hustadbrua. 

Nyheiter

Det verste regnet skal gje seg i løpet av torsdag ettermiddag og kveld. Fredag er det meldt lite nedbør.

Men framleis er det mykje vatn som skal ned, og det gjer at farenivået for flaum er raudt resten av torsdagen, og går ned til oransje nivå fredag.

Fredag er det raudt nivå for snøskred, medan farenivået for sørpeskred og jordskred er redusert til gult nivå.