Kjempa mot elva

– Ser ut som det svelger unna

Naboane Oddbjørn Brautaset og Oddbjørn Krøvel Pile strevde med å få kontroll på vatnet frå elva onsdag kveld. Elva rann godt over brua opp til husa.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Naboane Oddbjørn Brautaset og Oddbjørn Krøvel Pile på Brautaset hadde ein stri tørn med flaumen onsdag kveld. Den vesle elva som kjem frå Åmskaret og renn ned i Åmdalen este ut, og førte med seg stein nedover. Steinen tetta under brua opp til husa, og dermed fløymde vatnet utover.