Vatn i hus i Ørsta og Follestaddalen

Mannskap frå teknisk etat i Ørsta har rydda slukar i heile dag.  Foto: Per Ivar Lied, Ørsta kommune

Nyheiter

I Ørsta kom den første meldinga og flaumproblem ved 1630-tida onsdag. Brannvesenet rykte då ut til melding om vassinntrenging i eit hus i Follestaddalen.

- Køyrer ut på RVR (restverdiredning) i Follestaddalen på vassinntrenging i kjellar, skriv 110-sentralen på Twitter.

Klokka 1911 melde 110-sentralen om at brannvesenet rykka ut på grunn av vassinntrenging i industribygg i Garvargata i Ørsta sentrum.

Kl. 19.54 melde 110- sentralen om ei ny utrykking. Denne gongen i samband med vassinntrenging i ein kjellar i Strandgata i Ørsta sentrum.

og Klokka 2155 : Ørsta brann og redning køyrer til Mosvegen etter melding om kjellar full i vatn.