Testar tyfonane

Onsdag testar Sivilforsvaret tyfonane i alle kommunar der det er montert varslingsanlegg.

Rundt om i Noreg er det om lag 1.250 varslingsanlegg med sirener som kan brukast til å varsle befolkninga ved akutt fare.   Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Nyheiter

NPK-NTB: Sivilforsvaret testar onsdag 12. januar klokka 12 tyfonane sine, også kalla flyalarmen, med signalet «Viktig melding – søk informasjon».

Signalet betyr at ein skal søkje informasjon på til dømes radio, TV, i aviser, på nettsidene til styresmaktene og i sosiale medium. Det er rutine at varslingsanlegga blir testa i januar og juni kvart år.

– I fredstid kan varslingsanlegga mellom anna brukast ved industriulykker med utslepp av giftige eller farlege stoff, medan dei i krig kan brukast ved fare for angrep, seier direktør Elisabeth S. Aarsæther i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Rundt om i landet er det omtrent 1.250 tyfonar som skal varsle befolkninga ved akutt fare.