Sju nye med covid-19 i Volda

Nyheiter

Volda kommune har siste døgnet motteke sju positive Covid-19 prøver.

- Fem er smitta i eigen husstand. To har ukjent smitteveg, den eine er tilreisande frå ein annan kommune, heiter det i ei pressemelding frå kommunen.

Volda kommune har fått meldt totalt 13 smittetilfelle hittil denne veka.