No er det tid for skuleinnskriving

Illustrasjonsfoto. 

Nyheiter

Ørsta kommune er i gong med planlegginga av skuleåret 2022/2023. Alle skulepliktige born skal innskrivast, også born som fekk vedtak om utsett skulestart førre skuleår, skriv Ørsta kommune på si heimeside.

Kommunen skriv vidare at dei vil vil fatte eit vedtak om skuleplass på næraste skule, og at barna blir plasserte etter folkeregistrert adresse.

Alle som skal byrje i første klasse hausten 2022 vil få eit brev med tildeling av skuleplass, og dette brevet blir sendt ut 11. januar, fortel kommunen.

Som vidare skriv at føresette må logge seg inn i Ørsta kommune sin oppvekstportal for å svare på dette tilbodet.

Alle må gi eit svar, og svarfristen er 25. januar.