Sviktande grunn på Trandal

- Vi set av ein heil arbeidsdag til synfaring

- Så snart det blir forhold til det, dreg ein delegasjon frå teknisk etat til Trandal for å vurdere grunnforholda. Ein heil dag vil verte sett av.

- Dette ser ikkje bra ut, og vi tek probema på største alvor, seier teknisk sjef Ivar-Otto Kristiansen i Ørsta kommune.  Foto: Privat/arkiv

Nyheiter

Det seier teknisk sjef i Ørsta kommune, Ivar-Otto Kristiansen etter at Tor Eirik Trandal ropte varsku om grunnforholda på og rundt garden hans på Trandal. Der er stor erosjon, markane sig, det dannar seg holer, og vatnet har tatt nye vegar. Trandal, som midlertidig har busett seg i Ørsta pga grunnproblema, fryktar at i verste fall kan garden rause ut ned mot ferjekaia på Trandal.