No vert det ny søkerunde om koronamidlar i Ørsta

- No er det snart klart for tildeling av første runde med kommunal korona-kompensasjon for bedrifter. Ørsta har 708.000 kroner å dele ut denne gongen.

Odd Magne Vinjevoll og Per Ivar Lied.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Det fortel næringssjef Odd Magne Vinjevoll og Per Ivar Lied, som er Ørsta kommune sin sakshandsamar for fordeling av midlane.

- Vi kjem til å setje søknadsfristen til rundt 1. februar, og kjem tilbake til nøyaktig dato når vi snart kjem med utlysing på kommunen si heimeside og i Møre-Nytt, fortel Lied.

Koronamidlane skal gå til bedrifter som har lidd tap mot slutten av 2021 eller inn i 2022 på grunn av korona-restriksjonane. Mesteparten av kompensasjonsmidlane vert fordelte sentralt, men ein del går til kommunane til fordeling.

Ein halv milliard kroner går denne gongen til kommunal kompensasjon, - og av desse 35 mill til Møre og Romsdal og 708.000 kroner til Ørsta.

- Naturleg nok vil mykje av midlane gå til serverings- og overnattingsbransjen, som er hardt ramma av restriksjonane. Men firma frå alle bransjar kan søke, og i søknaden er det viktig at ein dokumenterer dei korona-relaterte tapa ein har hatt, understrekar Per Ivar Lied.

Saman med Vinjevoll skal Lied handsame søknadane, og kome med ei innstilling til Ørsta formannskap, som skal gjere vedtak.

- Formannskapet vil tidlegast kunne gjere vedtak i saka på sitt møte 8. februar, anslår Lied.