Kommuneleiinga rustar seg for ekstremvêr

Leiinga i Ørsta kommune hadde beredskapsmøte i samband med ekstremveret Gyda tysdag ettermiddag.  Foto: Ingeborg Bjørneset Myklebust

Nyheiter

– Vi håper det ikkje blir så gale som meldt. Men vi fryktar det verste, og skal vere godt budd.

Det seier ordførar Stein Aam i Ørsta. I samband med varselet om ekstremvêret «Gyda» hadde kommuneleiinga eit førebuande møte om beredskap og krisehandtering tysdag ettermiddag. Det vert eit nytt møte i morgon, før det venteleg brakar laust ut på dagen onsdag.

Kommunen har alt sett i vert nokre tiltak.

Førebuande tiltak

Hustadnesvegen, der det gjekk ras i haust vert stengt frå onsdag klokka 1500 – fredag 0900

-Dei som bur der kan køyre etter eige vurdering eller be om alternativ skyss, seier Ulf Kristian Rognstad, avdelingsleiar kommunalteknikk og tekniske tenester.

Også vegen gjennom Norangsdalen vert stengd, varslar fylket.

På Vartdal har kommunen sett ut vasstank ved Soltjeld som beredskap.

– Vi har gravemaskiner tilgjengeleg. Og vi køyrer vakt på alt brøytemannskap. Ingen får ha fri eller avspasere til og med fredag. Det er alle mann alle, og høg beredskap seier Rognstad.

Samband

Brannsjef Tomas Winther Leira har hatt ansvaret for å førebu sambandsfunksjonane, i tilfelle mobilnettet sviktar.

– Vi har ute satellittelefonar på Øye, Sæbø og på skyssbåten på Trandal. På Øye kan vi og bruke VHF-nett. Vi har sjekka utstyr, og at det er drivstoff i aggregata. Og alt mannskap må vere tilgjengeleg for utrykking, seier Winther.

Erfaringa frå tidlegare ekstremverhendingar er at straumforsyning og vassforsyning er kritiske og sårbare funksjonar.

– Eg vil spesielt oppmode bøndene til å samarbeide om bruk av aggregat, seier ordførar Stein Aam.

– Alle må bu seg

Kommunedirektør Wenche Solheim oppmodar alle ørstingar til å førebyggje flaum, og å bu seg på ekstremvêret på andre måtar.

– Eg er opptatt av at folk må opne rister og slukar i gatene. Kommunen skal ha alle mann ute i morgon, men alle innbyggjarar må hjelpe til, og gjere innsats. Folk må vere førebudd, og tenke eigenberedskap. Ha litt ekstra ved og mat i huset, er rådet for kommunedirektøren.

Også statsforvaltaren har sett i verk beredskapstiltak noko som mellom manna inkluderer samarbeid med sivilforsvaret.



– Og kommunen har løpande samarbeid med politiet og vi har Røde Kors hjelpekorps som kan hjelpe til om det trengst, seier rådgjevar Per Ivar Lied i Ørsta kommune.

Når det gjeld skulane så vil dei vere opne som normalt.

– Men vi må vurdere situasjonen under vegs, seier Bjørn Ødegaard Osdal, konstituert seksjonsleiar for skulane i Ørsta.