Ekstremver: "Gyda" er på veg

Ekstremveret "Gyda"  Foto: Metetorologisk institutt.

Nyheiter

Det blir ekstremt mykje regn sør i Trøndelag og Møre og Romsdal onsdag og torsdag. Ekstremvêret har fått navnet Gyda, og er på raudt farenivå, melder Metetorologisk institutt.

Eit rødt farevarsel om ekstremt mykje regn er sendt ut for sørlege delar av Trøndelag og Møre og Romsdal.

- Vedvarande regn gjer at vi forventar at fleire stasjonar kan få rekord for døgnnedbør for januar. Det er også mildt for årstida, slik at all nedbøren som fell er venta som regn også høgt til fjells, heiter det i meldinga frå Metetorologisk institutt.

Etter at uvêret er over torsdag kveld, er det venta betydeleg lågare temperaturar og overgang til sludd- og snøbyger i fjellet, først i nord.