Auka beredskap på fylkesvegane

Illustrasjonsfoto  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Det er gjort førebuingar for å lede vatn vekk frå vegane og frekvensen på inspeksjonar av fylkesvegane er auka. Driftsentreprenørane har alt mannskap og utstyr tilgjengeleg for å løyse utfordringar knytt til ekstremvêret Gyda.

Det skriv fylkeskommunen på sine heimesider.

Møre og Romsdal fylkeskommune har tett dialog med driftsentreprenørane og med andre beredskapsaktørar og følgjer situasjonen svært nøye.

- Vi vil på det sterkaste oppmode folk om å tenkje seg godt om i dagane framover. Om du ikkje må ut på vegane, er det best å halde seg heime. Om må du ut bør du førebu deg godt, også på at vegen du køyrer kan bli stengt før du skal heim, seier fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Møre og Romsdal fylkeskommune har SMS-varsling for stengte vegar der det ikkje er omkøyring og bygder blir isolerte. Dei som er folkeregistrert innanfor desse vegane får varsel automatisk, andre interesserte må melde seg på via mrfylke.no/sms.

Det blir varsla med SMS mellom på desse strekningane:

  • Fv. 5829 Otterdal, Volda kommune
  • Fv. 5891 Fyrde-Straumshamn, Volda kommune (påmeldingsvarsel)
  • Fv. 5892 Leira-Viddal, Volda kommune
  • Fv. 5897 Dalsfjorden, Volda kommune
  • Fv. 655 Norangsdalen, Stranda og Ørsta kommunar