Vil ha merksemd rundt ukjend dal

Miendalen mellom Sæbø og Standal bør definerast som spesielt naturområde, meiner Knut Hustad.

Utsyn frå Lynghalstinden. Knut Hustad på toppen.  Foto: Privat

Nyheiter

Han ber kommunen gjere eit vedtak om dette, samstundes som skiltinga til området må verte betre.

– Der er sjølvsagt fleire spesielle naturområde i Hjørundfjorden og Ørsta kommune. Eitt døme kan vere området ved fjellformasjonane Bladet, Giganten og fjella Mohns Topp og Slingsbys Topp. Miendalen ved Sæbøneset og fjella rundt dalen er eit anna, men godt døme. No må eg vedgå at det sistnemnde området ikkje er så godt kjent. At området er lite kjent kjem i alle fall ikkje av at området er lite vakkert, eller lite utfordrande, seier Hustad.

Klassisk fotomotiv frå Dalegubben.  Foto: Knut Hustad

Han understrekar ekstra at dei to vardane på Holmshornet – Nedstevarden og Toppvarden, den eine varden på Lynghalstinden og varden på Saudekråtinden, gjer at Ørsta kommune må kjenne eit spesielt ansvar for området.

Hustad skildrar Miendalen som ein hengande dal utanfor Flatneset ved Sæbø. Dalen er kort, men går frå vest til aust og endar si ferd mot Hjørundfjorden eit par hundre meter over flodmålet.

Miendalen med fjella rundt.  Foto: Knut Hustad

Miendalen er omkransa av fjella Sæbønestua, Grønskredhammaren, Lynghalstinden, Saudekråtinden, Miendalstinden og Holmshornet.

– Sjølv om fjellet Dalegubben ligg litt lenger bak så er det naturleg å ta med også dette fjellet i denne samanhengen. Fjella Miendalstinden og Holmshornet ligg på den kvasse egga mellom Høydalen og Miendalen.

Grønskredehammaren og ikkje minst Sæbønestua er eit mykje brukt tur-/trimmål i sommarhalvåret av svært mange. Desse to toppane, og delvis Lynghalstinden, har startpunkt ved Sæbøneset/Flatneset. Dei andre toppane har startpunkt i Sandvika/Gunnarråsa ved Sæbø.

Varden på Lynghalstinden.  Foto: Knut Hustad

– Det heilt spesielle med dette området er altså dei nemnde fire vardane. Vardane er ikkje så dominerande, kanskje heller tvert om, men ein ser raskt at dei er bygde av fagfolk. Når det gjeld varden på toppen/spissen av Lynghalstinden så kan ein undre seg over kvar fjellet sluttar og varden byrjar. Vardane vart i si tid bygde av Lars Sæbønes (f. 1903), Marius Myren (f. 1904), Johan Flatnes (f. 1905) og Einar Frøland (f. 1906). Desse då unge mennene hadde god greie på muring og Lars var også murar av yrke.

Miendalen.  Foto: Knut Hustad

Hustad brukar nemninga spesielt naturområde.

– Det kan sjølvsagt vere andre ord som er meir dekkande, men å bruke ordet «vern» kan vere misvisande. Same kva så må sjølvsagt grunneigarane få halde fram med å bruke området slik dei har gjort. Og turgåarane må få halde fram med å få bruke området på same måte som dei gjer i dag, seier Hustad.

På veg mot Holmshornet.  Foto: Knut Hustad

Hustad ynskjer at folk skal få betre informasjon om Miendalen, fjella rundt, og råsene dit.

– Eg ser føre meg at det vert sett opp to fine og likelydande informasjonstavler – ei ved starten av råsa opp frå Sæbøneset/Flatneset og ei ved Kapteinkvia/starten av Gunnarråsa i Sandvika ved Sæbø. Desse informasjonstavlene må gje informasjon om området, om dyre- og fuglelivet og ikkje minst om dei fire vardane og vardebyggarane. Om informasjonstavlene vert underteikna av Ørsta komme (gjerne med dato for ev. vedtak) så trur eg vi kan vere trygge på at området framleis vert teke godt vare på. Om fleire også vert interessert i området kan ikkje skade, seier Hustad.

Utsyn frå egga mot Holmshornet. Saudekråtinden i høgre biletkant.  Foto: Knut Hustad

Han har skrive til kommunen om saka, og også informert Sæbø grendelag om utspelet sitt.