Eldreforskar Britt Moene Kuven

«Mor fekk fantastisk omsorg her – og de fortener verkeleg ei gåve!»

Dei tilsette på avdelinga Solkroken og kjøkkenet på Ørstaheimen fekk seg nyleg ei kjekk overrasking på jobb – ei nyttårsgåve til alle tilsette.

Ingrid Mork, Anne Elisabeth Bueide Gulla og Sinjara Chhetri var blant dei som fekk velfortent nyttårsgåve.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

- De gav fantastisk god omsorg til mor heilt fram til ho døde julaftan. Så no skal de alle få ei gåve, sa Britt Moene Kuven – og delte ut heile 33 flotte søsterur til dei tilsette – sjukepleiarklokker som er festa med ei nål på skjortebrystet.