Teststasjonen vert flytta frå Hovdebygda til Ørsta rådhus onsdag

Frå komande onsdag vert testtilbodet i Ørsta og Volda endra, skriv Ørsta kommune i ei pressemelding.

Her vert det ny teststasjon.  Foto: Ørsta kommune

Nyheiter

Sjølvtesting med hurtigtestar har i større grad blitt eit alternativ til PCR (laboratorietest). Ein kan no også teste seg sjølv med PCR, som er den testen vi til no har tatt på teststasjonen i Hovdebygda.

Ørsta kommunen skriv vidare i pressmeldinga:

«Innbyggjarane må derfor frå no i hovudsak teste seg sjølve, og kan hente utstyr til dette på dei nye teststasjonane/utleveringssentralane i Volda og Ørsta. Det vil framleis vere viktig å ta ein PCR-test i dei tilfella det er tilrådd, og vi vil ha god kapasitet til å ta imot og sende desse til laboratoriet i Molde. Utlevering av hurtigtestar vil vere avhengig av kor mange vi til ei kvar tid har, det vil derfor ikkje alltid vere nok til å dele ut til alle. PCR vil alltid vere eit alternativ om vi går tom for hurtigtestar.

- Teststasjonen i Ørsta blir på rådhuset, på oppsida ved den gamle hovudinngangen. Der kan du hente antigen hurtigtestar til heimetesting, men også utstyr til PCR-test som du må levere inn att same stad, skriv kommunen.

Volda

Det er planlagt at koronatestinga i Volda kommune vil verte flytta til eit lokale i Volda sentrum, men opningsdato er ikkje klar enno.

- Koronatestinga for Volda kommune vil difor halde fram på koronateststasjonen i Hovdebygda inntil vidare. Meir informasjon kjem når det nærmar seg. Ein treng no ikkje tinge time på førehand for å hente utstyr til PCR-test, levere PCR-test eller hente hurtigtestar, skriv Volda kommune i ei pressemelding.