Vil ha betre tilbod for gjenbruk

VØR bør starte med gjenbruks- og reparasjonsentral,meiner politikarane i Volda  Foto: Arkivforo

Nyheiter

Bruk og kast er ikkje framtidsretta. Og no er gjenbruk og reparasjon i vinden blant dei miljømedvitne.

I formannskapet i Volda tysdag lanserte Øvvind Festø frå Miljøpartiet Dei Grøne eit forslag om at det vert etablert ein gjenbruks- og reparasjonssentral i Volda-Ørsta, i regi av VØR. Han viste mellom anna til gode erfaringar frå Resirkula på Hamar.

Øyvind Festø MGD  Foto: Svein Aam

Grunngjeving for forslaget er: "Skal vi nå berekraftsmåla, må vi auke det materielle ombruket. I tillegg til eksisterande bruktbutikkar, bytte-bruktsider etc., treng vi ein stad der vi kan få reparert ting som går sunde, og elles vert kasta. Sirkulærøkonomi er eit satsingsområde for regjeringa, og det vil truleg kunne søkast midlar til eit slikt prosjekt. I samarbeid mellom reinhaldsverk, kommune, frivillig sektor og arbeidsmarknadsbedrifter, kan dette bli eit vinn-vinn-tiltak som tek vare på ressursar, reduserer mengda avfall som går til brenning/ deponi og skaper meiningsfulle samskapingsarenaer og nye arbeidsplassar."

Det kom innvendingar om at eit slikt tilbod ikkje må utkonkurrere dei private gjenbruksbutikkane, men alle i formannskapet stilte seg bak ei tilråding som oppmodar Volda kommune til å ta initiativ til eit pilotprosjekt, i samarbeid med VØR.