Tre nye smitta i Volda – Øyra skule ramma

Koronatesting.  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Volda kommune har i dag 25.11. fått melding om 3 nye smittetilfeller med covid-19.

Alle tre er nærkontakter med tidlegare kjende smittetilfeller. Ein var fullvaksinert og to er uvaksinerte.

Ei 6. klasse på Øyra skule har no fått eit nytt påvist smittetilfelle, og dei vil difor få utlevert nye hurtigtestar. Føresette vert varsla av skulen. Minner om at det er viktig at nærkontakter som får symptom tek ein PCR-test, ein kan då ikkje stole på ein negativ hurtigtest åleine.