Oppdatert: To med korona i Ørsta

Nyheiter

Ørsta kommune fekk torsdag kveld melding om eit nytt smittetilfelle med covid-19.

-Vedkomande var fullvaksinert og er truleg smitta anten på Fugl Fønix 19. november eller på eit arrangement på Uppheim i Volda 20. november. Øvrige gjestar bør ha låg terskel for å ta ein test ved symptom, skriv kommunen i ei pressemelding.

Tidlegare torsdag melde kommunen om eitt anna smittetilfelle.

- Vedkomande er smitta i husstanden og var fullvaksinert, skriv kommunen i ei pressemelding.