Ein til med korona i Volda-oppe i fire torsdag

Nyheiter

Volda kommune har fått melding om eit nytt smittetilfelle med covid-19.

-Vedkomande er truleg smitta i husstanden og var fullvaksinert, skriv kommunen i ei pressemelding torsdag kveld.

Tidlegare på dagen vart det meldt om tre tilfelle.

- Alle tre er nærkontakter med tidlegare kjende smittetilfeller. Ein var fullvaksinert og to er uvaksinerte, opplyser kommunen.

Ei 6. klasse på Øyra skule har no fått eit nytt påvist smittetilfelle, og dei vil difor få utlevert nye hurtigtestar.

- Føresette vert varsla av skulen. Minner om at det er viktig at nærkontakter som får symptom tek ein PCR-test, ein kan då ikkje stole på ein negativ hurtigtest åleine, skriv kommunen i ei pressemelding.

.